BETALING: Det vil ikkje lenger vere gratis for bilar å reise med riksvegferjene frå og med måndag 6. april.
BETALING: Det vil ikkje lenger vere gratis for bilar å reise med riksvegferjene frå og med måndag 6. april. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto)

No må du betale på ferjene igjen

Frå og med måndag 6. april må du betale på alle riksvegferjer igjen, men framleis utan manuell billettering.

Sogn: All manuell billettering vart stoppa på riksvegferjene, og mange fylkesvegferjer, søndag 15. mars for å hindre spreiing av koronasmitte. No startar billetteringar opp att, skriv Statens vegvesen på nettsida si. 

Fordi det framleis ikkje skal billetterast manuelt, kan passasjerar reise gratis. Det gjeld både dei som sit i eit køyretøy og dei som kjem til ferjekaia på andre måtar. 

Der det allereie vert nytta Autopass-brikker som betalingsmåte, vil betalinga gå som normalt. På andre samband vil betalinga gå føre seg ved at bilskilta vert registrerte anten ved hjelp av kamera eller skriftleg av billettøren, ifølgje vegvesenet. 

Billegare reise

Dei som har autopassavtalar vil få rabattane som normalt. Dei som ikkje har ein slik avtale, vil få ein faktura i posten for reisa, utan fakturagebyr. 

Stortinget har gjort vedtak om å redusere billettprisane på riksvegferjer, og fleire fylke har gjort det same. Dette gjer at prisane vil vere annleis enn før. 

 
Til toppen