LENSMANNSKONTOR: Politidirektoratet har avslått Aurland sin klage om å oppretthalde lensmannskontoret. Det betyr at siste sjanse no ligg hjå Justis- og beredskapsdepartementet. Foto: Halvor Farsund Storvik. 
LENSMANNSKONTOR: Politidirektoratet har avslått Aurland sin klage om å oppretthalde lensmannskontoret. Det betyr at siste sjanse no ligg hjå Justis- og beredskapsdepartementet. Foto: Halvor Farsund Storvik. 

No må han setje sin lit til departementet

På indirekte vis fekk ordførar i Aurland, Noralv Distad, vite at Politidirektoratet har avslått klagen på at lensmannskontoret vert nedlagt.

Aurland: Det betyr at det no berre er Justis- og beredskapsdepartementet som kan ta klagen til følgje og gi Aurland det dei vil ha – at dei får behalde lensmannskontoret, skriv Sogn Avis.

Det var under eit beredskapsmøte i samband med Joasetbergi, som no vert overvaka kontinuerleg, at ordføraren fekk greie på at klagen var avslått. Dette var same dagen som Årdal fekk vite at deira klage er tatt til følgje og at dei får behalde sitt kontor.

– No har me fått stadfesta frå Justis- og beredskapsdepartementet at dei har motteke klagen og at den vert handsama før sommaren, seier Distad til Porten.no.

Departementet avgjer

Fristen for å klage på Politidirektoratets (POD) si avgjerd om ny lokal organisering av politidistrikta gjekk ut 10. mars. Dersom POD opprettheld avgjerda si, skal direktoratet senda klagen vidare til departementet saman med merknadene frå direktoratet. 

Etter som departementet no seier dei har motteke klagen, er det ein indikasjon på at POD opprettheld si avgjerd om å leggje ned kontoret i Aurland. Då ligg det førebels an til at det blir politikontor i Lærdal og Årdal i framtida når det gjeld sørsida av fjorden.

– Saka går vidare. Me har bede om at me vil ha vedtaket og saksutgreiinga som ligg til grunn. Me ser ikkje mykje til argumenta våre i vurderingane som vert gjort, seier ordføraren, som meiner deira argument er gode. 

Gode argument

– Eg meiner me heile vegen har ei god sak med god argumentasjon for politibehovet. Eg blir skuffa, men samstundes er det litt uventa. Eg føler dei ikkje går nok inn i den reelle situasjonen me har i Aurland. Ta dømet med Joasetbergi, som er ei krevjande sak, men berre éi av utruleg mange der det er behov for politikraft.

Distad gler seg på vegne av Årdal, som før helga fekk vite at deira kontor vert oppretthalde og forheld seg positiv til deira eigne sjansar.

– Ja, eg må ha trua. Eg meiner me har ei god sak med sterke grunnar og saklege argument.

Til toppen