Søndag er siste frist for å skifte ut piggdekka med sommardekk. I år er fristen for å skifte dekk rekordtidleg. Likevel skal piggdekka av med mindre ein bur i dei tre nordlegaste fylka i landet.
Etter midnatt er det etter forskriftene ikkje lov å køyre med piggdekk, og årsaka til at fristen er så tidleg i år er på grunn av ei tidleg påske. Regelen seier nemleg at piggdekka skal av frå og med første måndag etter 2. påskedag, altså 4. april.
Det skal likevel seiast at dette er eit utgangspunkt. Dersom du skal til fjells eller andre stader der piggdekk krevst i næraste framtid, er det lov til å køyre med desse etter fristen.
- Les også: Slik byter du vinterdekk
Hovudregelen seier at det er føraren som skal vurdere om bilen har skikkeleg veggrep.
Denne regelen gjeld berre dei som har piggdekk på bilen, men også folk med piggfrie dekk burde skifte desse ut med sommardekk.
Årsaka er at gummiblandinga i dei ulike typar dekk er forskjellig, og dermed presterer dei også ulikt når vêret blir varmare. Køyrer ein med piggfrie vinterdekk om sommaren, vil svingeigenskapane bli dårlegare og bremselengda vil auke.