– No må vi vera i krigshumør

– No må vi vera i krigshumør

– Den store bøygen for samferdsla i Sogn og Fjordane er at vi har ei regjering som legg så stor vekt på samfunnsøkonomisk nytte. Det gjer at vi ikkje har eitt einaste nytt stort riksvegsprosjekt inne i det som etatane legg fram, fordi regjeringa har styrt kriteria i den retningen så strengt at vi ikkje når opp. Vi har ikkje nok folk, vi har ikkje nok trafikk. Det må vi jobbe i saman om, slik at andre kriterier blir vektlagde enn det som no ligg til grunn: reine økonomiske tabellar der vi tapar som det syng. Vi har ein jobb å gjere på Storgingsbenken i lag med fylkespolitikarane, ordførarar og alle. Me må tala med ei tunge. 

 

Me må ikkje bruka tid på å vera skuffa. Me må bruka tid på å arbeida, for dette er berre eit utkast. Eg meiner at Vikafjellet må inn att. Det er ikkje akseptabelt at det berre blir sett ein strek over, det same gjeld Strynefjellet og tunnelane der, som òg blir viktige. Så veit vi kampen me skal ha om Hemsedalsfjellet, som blir grådig viktig, . Det er mange viktige saker for Sogn, men òg at vi sikrar vidare oppgradering av dei vegane vi har. Me må ha midlar til det og. Og vi skal ikkje stå med lua i handa. Vi har eit stort næringsliv, stor vareproduksjon, masse næringstrafiikk og gjennomgangstrafikk.

No må vi vera i krigshumør, no kan vi ikkje vere skuffa og oppgitt. No må me berre jobbe beinhardt.

Eg kjem til å gå inn i desse debattane og engasjere meg meir i det offentlege. Eg kan mykje om samferdsle. Eg forventar at Høgre og Frp, som var så høgrøsta og kritiserte meg og den raudgrøne regjeringa nord og ned, og me kom faktisk med mange nye prosjekt til dette fylket. No får dei vise kva dei er gode for. 

Til toppen