JUBEL: Hege Bakken Wahlquist og Glassverket kunne onsdag juble for sin andre seriemedalje på rad. Foto: Peter Tubass/glassverketelite.no.
JUBEL: Hege Bakken Wahlquist og Glassverket kunne onsdag juble for sin andre seriemedalje på rad. Foto: Peter Tubass/glassverketelite.no.

No manglar ho berre gullet

Hege Bakken Wahlquist jubla for bronsemedalje. 

Glassverket – Skrim 29-24

Drammen/Årdal: Glassverket avslutta sesongen med siger mot Skrim onsdag og kunne dermed juble for sin andre strake seriemedalje etter sølvet i fjor.

Berre suverene Larvik og Byåsen sanka fleire poeng enn Wahlquist og Glassverket denne sesongen. 

Laget frå Drammen følgjer dermed opp sølvsesongen i fjor med nok ein medalje, denne gongen bronse. Likevel har Glassverket levert ein sesong med fire poeng meir enn rekordsesongen i fjor, samt cupfinale og ein god prestasjon i sin første europacupsesong.

– Det var kjempemoro med bronse. No har eg medaljar med to fargar. Eg manglar berre den siste, seier årdølen til glassverketelite.no.

Neste sesong ventar nye utfordringar for Wahlquist som allereie er klar for danske TTH. 

Til toppen