NYE LINJER: Nissans nye Micra-modell har blitt større og har fått en design som det er litt futt i.   FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema /
NYE LINJER: Nissans nye Micra-modell har blitt større og har fått en design som det er litt futt i. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema / (Bilde: Morten Abrahamsen / NTB tema)

No med karakter

Nissan Micra har ikkje gjort stort ut av seg dei seinare åra. No kjem ei heilt ny utgåve det svingar meir av.

Tekniske data: Nissan Micra IG-T 90 Tekna
  • Pris: 218.000.-
  • Pris testbil: 233.350.-
  • Motor: 3 syl. Bensin. Turbo. 899 ccm. 90 hk v. 5500 o/min. 140 Nm v. 2250 o/min.
  • Aks: 12,1 sekund
  • Toppfart: 175 km/t
  • Forbruk: 0,44 l/mil (blanda)
  • Utslepp: 99 gram/kilometer CO2. 41,1 milligram/kilometer NOx
  • Bagasjerom: 300/1004 liter
  • LxBxH: 3999/1743/1455 millimeter
  • Eigenvekt: 1059 kilo
  • Tilhengjarvekt: 1200 kilo
Nokon som hugsar korleis 2016-utgåva av Nissan Micra såg ut? Ikkje det nei. I fjor var det 49 nordmenn som gjekk for bilen, 79 året før, ifølgje statistikk frå Opplysningsrådet for Veitrafikken. Tanken med modellen var nok at den skulle vere rimeleg og enkel. Micra blei bygd i India, men trefte i liten grad kundane i Europa og Noreg.
 
No har Nissan bestemt seg for å satse litt meir heilhjarta på ein Micra for europeiske kundar. Den nye blir sett saman i Frankrike og har vakse betrakteleg i storleik. Designen utvendig har dessutan fått det som kan kallast karakter.
 

Framleis småbil

Sjølv om Micra har vakse, og for nokre år sidan kunne passert som ein kompaktbil, er den i dag framleis som småbil å betrakte. Men Nissan vil ikkje lenger at bilen berre skal vere det. No kan ein gå for ulike tilval, slik at ein kan individualisere bilen både utvendig og innvendig. Nissan har rett nok ikkje tatt ein «full Mini», der alt kan fiksast på, til ein kostnad som kan bli latterleg. I staden satsar dei på pakkeløysingar der ein blant anna kan få lakk i to tonar utvendig og tilsvarande fargekombinasjonar innvendig.
 
Testbilen har det Nissan kallar «Energy Orange», med oransje kontrastdetaljar på spegelhus, lister langs sidene, framme og bak og på felgane. Innvendig finn ein igjen det same mønsteret. Her betaler ein for pakken, ikkje for eitt og eitt tilval. For testbilen ligg den utvendige løysinga på to gonger 5.500 kroner og den innvendige på 3.500 kroner. Med andre ord er dette ganske rimeleg.
 
Artikkelen held fram under biletet
FELG: Bilen leveres med 17-tommers aluminiumsfelger. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema /
FELG: Bilen leveres med 17-tommers aluminiumsfelger. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema / Foto: Morten Abrahamsen / NTB tema

Høgt utstyrsnivå

Importøren seier at dei fleste går for høgste utstyrsnivå, som heiter Tekna. Då har ein utstyr som for få år sidan berre var å finne i bilar som kosta fem gonger så mykje som ein Micra: ting som ryggekamera med fugleperspektiv, trafikkskilt-attkjenning, LED-lys, BOSE-lydsystem med blant anna høgtalarar i nakkestøtta, i tillegg til ei rekke assistentsystem.
 
Ein kan velje mellom tre motoriseringar, to bensinutgåver på 70 eller 90 hestekrefter eller ein diesel på 90 hestekrefter. Testbilen har 90 hk bensin frå ein tresylindra motor. Den gir frå seg ein karakteristisk lyd, som ei skremt symaskin, og treng litt turtal for å vakne. Det har eit par litt uheldige følgjer. Mykje turtal betyr eit drivstofforbruk som er svært langt unna det som er oppgitt, og det krev ein del giring for å få det beste ut av motoren. Girkassa er òg litt grautete.
 
Men det er nok til at det blir ein litt artig køyretur. Bilen er lett og liten og ryddig sett opp. Den vil understyre om ein er uvørden, men den hentar seg fort inn, og det er uansett ikkje så mykje masse i rørsle at det blir ekkelt.
 
Lydnivået innvendig er bra, det vil seie at det ikkje er mykje støy som trenger gjennom. Sete og interiør fungerer fint, med eit komfortnivå som i ein kompaktbil. Utstyrsnivået i testbilen er imponerande, og plassen er bra samanlikna med andre bilar i segmentet.
 
SMÅTT: Motoren er på 0,9 liter og har tre sylindre. Den trenger en del turtall før kraften kommer. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema / .
SMÅTT: Motoren er på 0,9 liter og har tre sylindre. Den trenger en del turtall før kraften kommer. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema / . Foto: Morten Abrahamsen / NTB tema

Hard konkurranse

Micra i ny utgåve er noko heilt anna enn tidlegare, no er både utsjånad og eigenskapar verdt å legge merke til. Samtidig er det nokre humpar i vegen her, som kan hindre større utbreiing av Micra. Sjølve småbilmarknaden står for rundt 10 prosent av personbilmarknaden i Noreg, der Toyota Yaris, så å seie alle som hybrid, har nær ein firedel. Elbilen Renault Zoe følgjer så med 15 prosent marknadsdel, og på tredjeplass med 10 prosent ligg Volkswagen Polo, som første bil med berre konvensjonell drivlinje. Polo kjem snart i heilt ny utgåve, med blant anna moglegheit for eit heildigitalt dashbord, og den kjem neppe til å selje mindre når den er klar. Under dei er det mange modellar og trongt om plassen. Mange av desse er også bilar som har personlegdom, og det skal nok mykje til for å trenge gjennom her
 
Det Micra må prøve å få kommunisert ut til potensielle kundar, er ei ganske så rimeleg pakke med ein litt funky utsjånad, konkurransedyktig motor og høgt utstyrsnivå. Då gjeld det berre å håpe at ingen forbind Micra-namnet med den håplause ståltakkabrioleten som Richard Hammond i Top Gear testa med ein papirpose på hovudet fordi han var flau over å køyre den.
 
Til toppen