KLART FOR BADING: Fredag opnar friluftsbassenga i Årdal, opplyser kommunen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KLART FOR BADING: Fredag opnar friluftsbassenga i Årdal, opplyser kommunen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

No opnar friluftsbassenga

I helga kan du ta deg ein dukkert i friluftsbassenga i Årdal. 

Årdal: Prosedyrar for klargjering av friluftsbassenga er gjennomført, og bassenga er klare for opning, heiter det i ei pressemelding frå kommunen.

Dei siste brikkene fall på plass torsdag føremiddag då Sognelab gav Årdal kommune svar på dei innsendte prøvane. Desse synte at bassenga har oppnådd kvalitetskrava som forskrifta set til bassengvatnet, og ein ein difor kan opne for publikum.

– Me kom i år i mål ifølgje planen, og opning vert såleis i Øvre Årdal fredag klokka 11.30 i Øvre Årdal og 12.00 på Årdalstangen, seier idrettskonsulent Arne Hovland.

Dette vert dei faste opningstidene for bassenga i sommar, medan dei to stengjer 19.00 i Øvre Årdal og 18.00 på Årdalstangen. 

Til toppen