OPNAR: Tindevegen opnar kl 12. søndag.
OPNAR: Tindevegen opnar kl 12. søndag. (Tindevegen sitt trafikkamera. )

Fleire vegar var stengd natt til søndag. No opnar dei

Laurdag kveld vart fleire vegar i Sogn stengd grunna ras og dårlege forhold. Søndag opnar vegane att.

 – Me opnar no klokka 12, seier dagleg leiar Frank Eldegard i Tindevegen. 

Laurdag kveld såg dei seg nøydd å stenge vegen då snøen la seg i vegbana. 

– Det som er fint er at på denne tida av året forsvinn snøen ganske raskt, seier Eldegard. 

Sognefjellet opent

Også Sognefjellet var stengd etter snøfallet. Fjellovergongen opna litt før klokka halv tolv søndag. 

– Bart og vått med fare for glatteparti. Det kan kome sludd og snø grunna bygever, skriv Vegtrafikksentralen på Twitter. 

Trafikkoperatør Jan Erikstad seier Sognefjellet stenger att søndag kveld, og blir stengd til mandag klokka åtte. 

– Vanleg

På Tindevegen er vegen brøyta. Dagslyset gjer resten av jobben. 

– Snøen forsvinn av seg sjølv no. Slike stengingar er ganske vanleg på denne årstida. Når det bikke under ti grader her nede, så kjem snøen der oppe. Men den forsvinn fort, seier Eldegard frå Årdal. 

Det er ikkje før i oktober det kjem skikkelige snøfall, seier han. 

– Men då stenger me, seier han. 

I Vik vart fylkesveg 5600 stengd mellom Vikøyri og Arnafjord stengd seint laurdag kveld. Grunnen var fare for ras.

Kort tid etter kom ein stein buldrande ned i vegbana, skriv Sogn Avis

Vegen opna søndag morgon. 

Til toppen