OPNAR: Fredag morgon opnar vegen over Sognefjellet, melder Statens vegvesen. Foto: Guttorm Flatabø/Flickr. 
OPNAR: Fredag morgon opnar vegen over Sognefjellet, melder Statens vegvesen. Foto: Guttorm Flatabø/Flickr. 

No opnar vegen på Sognefjellet

Fredag morgon opnar vegen over Sognefjellet att. 

Sognefjellet: Også Gaularfjellet opnar att på same tidspunkt, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding. Der ber dei folk vere merksame på at vegane kan bli stengde att ved dårlege vêrtilhøve.

Då det er snø- og isdekke på vegane, bør ein ha på vinterdekk når ein skal ferdast på desse fjellovergangane.

– Me oppmodar trafikantane til å vere oppmerksame når dei køyrer på fjella, då det nokre plassar er høge og bratte brøytekantar og noko snø kan skli utfor. Ver også oppmerksam på at det kan fryse smeltevatn til is i løpet av natta, og tenk på kor du stoppar og parkerer i høve til sikt og tryggleik for andre trafikkantar, seier byggjeleiar Johann Njaastad i Statens vegvesen.

Onsdag ettermiddag opna Tindevegen mellom Årdal og Turtagrø. 

Til toppen