MINIHOPP: Renta har vore låg lenge, men no kan den vere på veg opp att. Førebels er det imidlertid ikkje det store rentehoppet det er snakk om. Foto: arkiv.
MINIHOPP: Renta har vore låg lenge, men no kan den vere på veg opp att. Førebels er det imidlertid ikkje det store rentehoppet det er snakk om. Foto: arkiv.

No set banken opp renta

Men framleis er den på eit historisk lågt nivå.

Sparebanken Sogn og Fjordane set opp renta på lån med inntil 0,20 prosentpoeng. Banken opplyser at bakgrunnen er tøffare konkurranse og at dei over tid har hatt høgare kostnader på innlån.

For dei som kjøper bustad for første gong vil den rettleiande renta no ligge på 2,15 prosent.

– Sjølv etter denne renteendringa har vi eit historisk lågt rentenivå i Norge, seier direktør for privatmarknad Hallvard Klakegg.

Det er for tida høg vekst i bustadprisane og høg gjeldsvekst i hushaldningane. Størst press er det på bustadmarknaden i Oslo området, men òg i Sogn og Fjordane er veksten i bustadprisane over ti prosent det siste året.

Til toppen