Sogndal: Sogndal kommune har invitert tre firma til arkitektkonkurranse der oppgåva er teikna ny bru over Sogndalselvi.
– Dei tre skal teikna to alternativ, ei bru som er meir nøktern og ei litt meir spenstig, der det arkitektoniske blir prioritert høgast. Den løysinga vil vera meir kostbar, sjølvsagt, seier rådmann Jostein Aanestad.
Politikarane i Sogndal har sett av pengar til å planleggja den nye brua, men ikkje til å faktisk bygga den. Det vil koma opp som ny sak seinare.
– Dei tre arkitektfirmaa skal òg gje eit kostnadsoverslag til utbygginga. Når det ligg på bordet, så kan me ta stilling til om kommunen kan skaffa den økonomien som trengst for å bygga bru, seier rådmannen.
Han tør ikkje seia sikkert når politikarane kan forventa å få saka til handsaming.