NY FRONT: Den tydelegaste endringa på Auris er den nye fronten. Sensorane til autobremsen sit ved spegelen i frontruta. Foto: Jan Harry Svendsen.
NY FRONT: Den tydelegaste endringa på Auris er den nye fronten. Sensorane til autobremsen sit ved spegelen i frontruta. Foto: Jan Harry Svendsen.

No skal Auris stoppa sjølv

Ny front og meir tryggingsutstyr skal gjera Auris lekker igjen. Samtidig blir dieselmotorane kutta.

Eg ignorerer bilen som står i vegen for meg. Overser blinkinga frå den nye skjermen mellom instrumenta, og overhøyrer pipinga.

– Dei fleste ulykkene skjer framleis fordi føraren er uoppmerksam eller fordi ein les trafikksituasjonen feil, seier Tjark Kreuzinger som er ansvarleg for utviklinga av tryggleikssystema til Toyota.

Han er mannen bak autobremsen som no har fått nok av den manglande merksemda mi, og som sjølv aktiverer bremsane på Aurisen eg køyrer. Med ein margin på ein halvmeter stoppar vi framfor bilen som står stille framfor oss.

– I fart opp til 30 kilometer i timen vil systemet klara å stoppa heilt, og det er aktivt i farten mellom 10 og 80 kilometer i timen. I høgare fart klarer ikkje systemet å avverja ei ulykke, men det bremsar for å redusera skadeomfanget, seier Kreuzinger.

Ikkje menneske

Etter nyleg å ha lansert førarassistentar i Avensis, blir systemet no også lansert i den oppgraderte Auris. Dermed får også denne bilen vinglevarslar, skiltattkjenning og autobrems. Men kvifor har ikkje Toyota utvikla systemet til også å kunne bremsa framfor menneske og dyr?

Artikkelen held fram under biletet.

STASJONSVOGN: Både stasjonsvogna og ein kombi blir tilgjengelege frå start. Begge har fått nye støytfangarar og nye baklys.
STASJONSVOGN: Både stasjonsvogna og ein kombi blir tilgjengelege frå start. Begge har fått nye støytfangarar og nye baklys.

– Det er eit kostnadsspørsmål. Vi ser at kundane som vel mindre bilar, ikkje er like villige til å betala så mykje for ekstrautstyr. For å laga eit system som også tek omsyn til menneske, treng vi radar, og då aukar prisen, forklarer Kreutzinger.

Auris og Avensis blir ikkje åleine om systemet. Denne enklare autobremsen skal også dukka opp på dei mindre bilane frå Toyota.

– Dei større bilmodellane, der kjøparane har større betalingsvilje, får system som også kjenner att menneske, seier Kreutzinger.

Det betyr at bilar som RAV4 og fleire modellar frå Lexus får meir avanserte former for autobrems.

Kuttar diesel

Med lanseringa av den nye bilen tek Toyota i Noreg eit farvel med dieselmotoren i kompaktklassen. Dermed blir ikkje den nye 1,6 liters store dieselmotoren, som Toyota har henta frå BMW, å finna i norske Aurisar. Også den 1,4 liters store D4-D motoren forsvinn frå det norske marknaden.

Artikkelen held fram under biletet.

ENDRA INTERIØR: Nye skjermar, tunnelar rundt instrumenta og betre finish pregar interiøret i den nye Auris. Komforten og køyrestillinga er god.
ENDRA INTERIØR: Nye skjermar, tunnelar rundt instrumenta og betre finish pregar interiøret i den nye Auris. Komforten og køyrestillinga er god.

– Når Auris kjem i sal i sommar, reknar vi med at hybridutgåva vil stå for rundt 85 prosent av totalsalet. Resten vil den nye turbomotoren på 1,2 liter stå for. Ein 1,33 liters bensinmotor er også tilgjengeleg, men han vil truleg berre stå for 1,5 prosent av salet, seier Espen Olsen som er informasjonssjef i Toyota Norge.

Det er synd. For den nye 1,2-literen er ein fin liten bensinmotor. Allereie frå låge turtal trekkjer turbomotoren godt, og med manuelt gir er fleksibiliteten god. Trass dei 116 hestekreftene sine er motoren meir seig enn sprek – og gangkulturen er fin utan sjenerande vibrasjonar eller støy. Motoren vil bli levert med både manuelt gir og trinnlaust automatgir – og det er sistnemnde Toyota vil selja i Noreg.

Hybrid

Men det er hybrid kundane vil ha. Framleis stammar drivlina frå Toyota Prius – og ho er også å finna i Lexus CT200h. Det betyr ein 1,8-liters bensinmotor som er kopla saman med ein elmotor via eit planetgir. Ytinga er 136 hestekrefter, men dei offisielle forbrukstala med 16 toms dekk viser ei marginal forbetring av forbruket.

Artikkelen held fram under biletet.

SOM I AVENSIS: Auris har like stort bagasjerom som den større Avensis – men plassen i baksetet er mindre.
SOM I AVENSIS: Auris har like stort bagasjerom som den større Avensis – men plassen i baksetet er mindre.

Med 0,36 liter per mil på den nye utgåva og 0,37 liter per mil på den utgåande modellen er det svært små skilnader vi snakkar om. Også utsleppet er marginalt lågare med 82 mot 86 gram.

Ankepunkta er som før mykje støy under akselerasjon, og ei drivlinje som verkar kraftlaus når du skal akselerera i høgare fart. I byen og på landevegen fungerer hybridsystemet godt og kjennest smidig og komfortabelt.

Burde vore standard

I kompaktklassen er det Volkswagen Golf som sel best, men forspranget ned til Auris på andreplass er ikkje så langt som det kan sjå ut som. For om vi tek bort e-Golf, som er ein elbil, sit vi att med eit sal på 2.769 bilar av totalt 6.851 registrerte Golfar ved utgangen av mai. Til samanlikning selde Toyota 2025 Auriser i same tidsrom.

Artikkelen held fram under biletet.

TUNNELAR: Dei analoge instrumenta sitr nå i separate tunnelar. Skjermen mellom instrumenta er ny og gjev eit meir høgverdig inntrykk enn det den gamle gjorde.
TUNNELAR: Dei analoge instrumenta sitr nå i separate tunnelar. Skjermen mellom instrumenta er ny og gjev eit meir høgverdig inntrykk enn det den gamle gjorde.

At den nye, oppgraderte modellen også blir populær, er det liten tvil om.

Oppgraderinga gjev bilen ein utsjånad som er i tråd med det produsenten nyleg lanserte på Avensis – men den viktigaste endringa er assistentsystema. Toyota er stolt av å tilby dei, saman med navigasjonssystem, som ekstrautstyr for 3.900 kroner – men dei kunne vore endå stoltare om dei hadde hatt det som standard på alle utgåvene.

Til toppen