Sogndal: At det skal vere ei ekstern gransking har allereie blitt vedteke. I dag vart politikarane i formannskapet einige om kva dei vil ha svar på. Oppsummert handlar det om å få sett lys på det konfliktfylte arbeidsmiljøet som eksisterte i Sogn barnevern frå etableringa i 2008 og fram til august 2016.
Konkret er det tre spørsmål politikarane ønskjer svar på i granskinga: kvifor problema oppstod, kvifor det har teke så lang tid å løyse dei og kor vidt dei er løyste i tråd med arbeidsmiljølova.
Les også: Skjebneår for Sogn barnevern: – Må betre seg mykje før nyttår
Les også: Her er rapporten om barnevernet.
Gjennomgangen skal omfatte leiarar, tilsette og vernetenesta på alle nivå. Det inkluderer òg dei mange som har slutta, dersom dei er villige til å stille til intervju.
Det er kontrollutvalet i kommunen som skal leie granskinga, men arbeidet vil bli utført av ein ekstern aktør. I bestillinga ber politikarane kontrollutvalet om å levere rapporten i god tid før formannskapsmøtet 20. april.
Formannskapet var tidlegare på dagen på besøk hos barnevernet. Der fekk dei møte dei tilsette og høyre korleis dei opplever arbeidet i tenesta. Vi kjem tilbake med fyldigare dekning av besøket og granskinga, med både reaksjonar frå politikarane og intervju med nokre av dei nytilsette i Sogn barnevern.