FORHANDLINGAR: Då Senterpartiet møttest tysdag kveld, var dei klare på at målet var tre formannskapsplassar. Dei enda opp med to, men samarbeidet med Høgre sikrar dei likevel fleirtal. Torsdag ettermiddag fortsette diskusjonane om konkrete saker. På biletet Stein Vidar Nemeth, Gro Starheimsæter og Jan Geir Solheim under møtet innad i Sp tysdag. Foto: Ina Eirin Eliassen
FORHANDLINGAR: Då Senterpartiet møttest tysdag kveld, var dei klare på at målet var tre formannskapsplassar. Dei enda opp med to, men samarbeidet med Høgre sikrar dei likevel fleirtal. Torsdag ettermiddag fortsette diskusjonane om konkrete saker. På biletet Stein Vidar Nemeth, Gro Starheimsæter og Jan Geir Solheim under møtet innad i Sp tysdag. Foto: Ina Eirin Eliassen

No skal dei landa dei viktige sakene

Både Jan Geir Solheim (Sp), som fortset som ordførar, og Trond Øyen Einemo (H), som fekk varaordførarvervet natt til torsdag, har trua på samarbeidet mellom partia dei neste fire åra, sjølv om det framleis står att diskusjonar. 

Lærdal: Senterpartiet, Høgre og Venstre skulle sette seg ned torsdag ettermiddag for å lage ein plattform og for å bli einige om viktige merkesaker.

Før møtet fortel Solheim at han gjennom valkampen og partiprogramma, ser at H og Sp har mykje til felles i mange saker, noko som dannar eit godt grunnlag for samarbeidet i neste periode. 

Måndag sikra Sp seg åtte mandat i det nye kommunestyret. Dei mangla då eitt mandat, for å sikra seg fleirtal i kommunestyret og vurderte då samarbeid med alle dei fire partia. 

Les også: Solheim: – Tida for under er ikkje over, her kan alt skje

Sikra seg fleirtal

SAMARBEID: Trond Øyen Einemo (H) og Jan Geir Solheim (Sp). 
SAMARBEID: Trond Øyen Einemo (H) og Jan Geir Solheim (Sp). 

Sidan tysdag har det vore mykje forhandlingar, men det var det ikkje før natt til torsdag Sp vart einige om eit samarbeid med Høgre, for å sikre seg fleirtal i kommunestyret. Det sikra Einemo (H) varaordførarvervet og ein plass i formannskapet. Høgre og Venstre har inngått eit valteknisk samarbeid. Det har òg Sosialistisk Venstreparti og Arbeidarpartiet, noko som har sikra både SV og Ap ein plass kvar i formannskapet.  

Les også: Den politiske kabalen er klar

Valresultatet gjorde at Sp hadde som mål å få tre formannskapsplassar, noko dei var klare på etter møtet i partiet tysdag kveld. Likevel enda Sp opp med to plassar, men samarbeidet med H, sikrar dei fleirtal i både formannskap og kommunestyret. 

OPPOSISJON: Kåre Mentz Lysne (Ap) meiner eit breitt formannskap er til det beste.
Foto: Ina Eirin Eliassen​

Ap og SV i opposisjon

På den andre sida var det viktig for Arbeidarpartiet at ikkje Sp skulle få fleirtal åleine i formannskapet. Difor landa Ap på eit valteknisksamarbeid med SV, då dei har mange felles saker, forklarar Kåre Mentz Lysne (Ap).

– Me ville ha eit breitt formannskap, der alle er med. Det handlar om å gjere det som er best for Lærdal. Eg ser fram til fire år i opposisjon og å markere det som er vår politikk, seier Lysne. 

Les også: Her er det nye kommunestyret

Har trua på ansvarleg politikk

– Både Einemo og Jarle Molde (H) har erfaring frå politikken. Eg er sikker på at me skal få samarbeidet til å fungere og eg har trua på at det blir fire gode år for samfunnet i Lærdal. Det er ansvarleg politikk Sp skal drive med, det har også Høgre. Så skal me ha respekt for veljarane og kvifor dei røysta oss inn, seier Solheim til Porten.no.

For Solheim handlar det om nøktern drift og nøye vurdering av investeringar, sjølv om det er naudsynt med fleire investeringar dei komande åra, då kommunen mellom anna eig mange bygg.

I tillegg seier Solheim det er viktig å ta tak i merkesaker som kommunereform, skulebruksplan og korleis dei forvaltar eigarskapet i Lærdal Energi AS. Dei må sjå på kor stort ansvar kommunen skal ta for flyktningar, både tal og korleis å rigga til dømes norskopplæring. Likevel står Solheim ved at han ikkje vil senka ambisjonsnivået på kor mange kommunen skal ta imot, eit spørsmål som vart løfta i kommunestyret. 

Han bekreftar at fleirtalet til Sp og H, gjer at det ikkje blir ein utvalmodell, slik som V, SV og Ap ønskjer. Det har vore ei viktig sak for både H og Sp. 

NY VARAORDFØRAR: Trond Øyen Einemo (H) er klar på at det står att diskusjonar før torsdagens møte. 
NY VARAORDFØRAR: Trond Øyen Einemo (H) er klar på at det står att diskusjonar før torsdagens møte. 

– Skal noko til å velta samarbeidet

– Dei store linjene er der og intensjonen om samarbeid. Det skal noko til å velta det, sjølv om det står att diskusjonar, seier Einemo (H), som ikkje vil ut med meir før torsdagens møte er over, då forhandlingane til no har gått mest over telefon.

Einemo uttalte før valet at han ikkje hadde problem med å sjå seg sjølv som varaordførar. 

– Kva tenkjer du no som du er i den posisjonen?

– Eg trur eg kjem til å takla den rolla bra både for Lærdal og for politikarane. I tillegg har eg og Solheim samarbeida godt på ulike arenaer i fleire år no. Rolla som ombodsmenn i politikken skal me ta. 

Til toppen