FÅR NY DRAKT: Kaihuset i Sogndal skal no bli pussa opp for fleire millionar kroner. Til neste år opnar det nye Fjell- og Fjordsportsenteret dørene. Foto: arkiv.
FÅR NY DRAKT: Kaihuset i Sogndal skal no bli pussa opp for fleire millionar kroner. Til neste år opnar det nye Fjell- og Fjordsportsenteret dørene. Foto: arkiv.

No skal dei pusse opp kaihuset for fleire millionar

Det nye Fjell- og Fjordsportssenteret i Sogndal skal etter planen vere i full drift frå starten av neste år.

Sogndal: Sogndal Fjell- og Fjordsportssenter har signert ein leigeavtale med Sogndal kommune som gjer at dei kan ta over bygget frå nyttår. Målet er å verte eit senter for friluftsaktivitetar, med kafèdrift, utleige av utstyr og formidling av guida turar.

KLART FOR DUGNAD: Sander Buene er styreleiar for Fjell- og Fjordsportsenteret, som har tretten lokale verksemder med på laget.
KLART FOR DUGNAD: Sander Buene er styreleiar for Fjell- og Fjordsportsenteret, som har tretten lokale verksemder med på laget.

Om ikkje lenge startar arbeidet med å pusse opp den gamle dampskipekspedisjonen.

– Det første me gjer er å setja i gong med dugnad. Då vil me ta ein del riving og enkle ting, så vil me sleppa til ekspertane etterpå, seier Sander Buene, styreleiar i selskapet.

Les også: Slik vil dei skape eit senter for fjell- og fjordsport i Sogndal

Har snart finansieringa på plass

Det er altså kommunen som eig byggjet og søkjer om midlar til oppussinga. Førebels har dei fått 750.000 kroner i såkalla INU-midlar. Neste år vil dei søke om ein tilsvarande sum, i tillegg kjem dugnadsarbeid, private bidrag og ein kommunal eigendel.

Til saman bikkar budsjettet fort 2,5 millionar kroner.

– Vi er ikkje heilt i mål med det private bidraget. Det er stort sett det einaste, seier Kristian Losnegard Karlsen i Sogndal kommune, som understrekar at dei ikkje veit kor omfattande dei endelege planane blir.

Første prioritet er å pusse opp og få vinterisolert første etasje. Skal dei realisere alt som ligg inne i dei arkitektteikna planane vil det truleg koste rundt fire millionar kroner.

Fasaden er freda

Her kan det kome utvendig trappeamfi ned mot fjorden, med flytebrygge og kort veg til ei eiga fjordbadstove. I første etasje er det teikna inn lager for utstyr til utleige, nye store vindauge som vender mot fjorden, nytt kjøken, resepsjon og bar.

– No skal vi rekne på planane meir i detalj, slik at vi veit kva vi skal gjere og kva vi har pengar til, seier Losnegard Karlsen.

Etter kvart skal prosjektet ut på anbod. Men først må dei få godkjenning frå kulturavdelinga i fylkeskommunen. Den utvendige fasaden er nemleg freda. 

– Vi har ikkje fått signal som peikar verken i den eine eller andre retninga. Men vi håpar og trur vi får det godkjent, seier Losnegard Karlsen.

Til toppen