HEIDRAR MINNET TIL KLUBBLEGENDA: Denne veka gjekk oppmodinga om å støtte Svein Bakkes minnefond ut til 1200 personar som hadde nærheit til Svein Bakke og klubben. Foto: Sogndal Fotball.
HEIDRAR MINNET TIL KLUBBLEGENDA: Denne veka gjekk oppmodinga om å støtte Svein Bakkes minnefond ut til 1200 personar som hadde nærheit til Svein Bakke og klubben. Foto: Sogndal Fotball.

No skal dei samle inn pengar til minnefondet etter Svein Bakke

– Vi har fått ein «flying start». No er vi spente på kva vi greier å få inn, seier Ingvar Stadheim, styreleiar i stiftinga.

Sogndal: Den 16. oktober i fjor gjekk Svein Bakke bort berre 62 år gamal. Bakke var med å spele Sogndal opp i eliteserien for første gong og var maestroen på laget som tok seg til cupfinalen i 1976. Frå 1971 til 1990 spelte han 514 kampar og scora 321 mål for klubben.

Etter karriera var han saman med Rolf Navarsete og fleire andre sentral i gjere Sogndal til ein toppklubb i norsk fotball.

– Han var ein lojal og solidarisk klubbspelar gjennom heile karriera, og så god at han løfta oss andre, fortel Ingvar Stadheim, tidlegare landslagstrenar, samt spelar og trenar for Sogndal i ei årrekkje.

Les også: Cupheltane tilbake der eventyret starta

CUPHELTANE: Under årets cupfinalehelg var laget frå 1976 samla for å minnast bragden for førti år sidan. Svein Bakke var saman med keeper Leon Hovland to av legendene som var sårt sakna frå lagbiletet.
CUPHELTANE: Under årets cupfinalehelg var laget frå 1976 samla for å minnast bragden for førti år sidan. Svein Bakke var saman med keeper Leon Hovland to av legendene som var sårt sakna frå lagbiletet.

Hadde stort kontaktnett

Han er no styreleiar i Svein Bakkes minnefond, som i sommar vart stifta av nære venner av Bakke. Stiftinga har som mål å fremje utvikling av talent og leiarar innan fotball i Sogn og Fjordane. Rett etter stiftinga fekk dei 2,5 millionar av ein venn av familien og Sogndal Fotball.

– Vi har fått ein «flying start». No er vi spente på kva vi greier å få inn, seier Stadheim.

Sommaren og hausten har dei brukt til å lage ei liste med mail- og postadresser til alle som hadde nærheit til Svein Bakke og klubben. Denne veka gjekk oppmodinga om å støtte fondet ut til nærare 1200 personar.

– Svein hadde eit stort kontaktnett, konstanterer Stadheim.

– Det skal sjølvsagt vere i Svein si ånd

Dei har enno ikkje diskutert når den første prisen vil bli delt ut, men truleg vil det skje allereie til hausten neste år.

– Vi har store ambisjonar, dette skal ikke bli ein liten pris på tjue-tredve tusen, men mykje meir. Difor må vi bruke tida til å samle inn ein solid grunnkapital, slik at vi greier det, seier Stadheim. 

Prisvinnaren kan vere ein person, men òg lag og organisasjonar, som bidreg til talentuvikling over tid. Talent er tolka i brei forstand, målet er å bidra til å uvikle både spelarar, dommarar og leiarar frå fylket.

– Det skal sjølvsagt vere i Svein si ånd. Spesielt dei seinare åra var han svært oppteken over å få fleire frå regionen med på laget, seier Stadheim.

Til toppen