VEDLIKEHALD: Jan Kåre Natvik (f.v.) og Tom Grøthe ved tekniske tenester gjer jobben med å vedlikehalda kongevegen for at den skal halda seg Europa Nostra-prisen verdig.  Kulturskulerektor Magne Grøttebø er denne helga med til Finland i delegasjonen som skal få utdelt prisen måndag. Maskoten Hector (10) t.h. Foto: Ole Ramshus Sælthun.
VEDLIKEHALD: Jan Kåre Natvik (f.v.) og Tom Grøthe ved tekniske tenester gjer jobben med å vedlikehalda kongevegen for at den skal halda seg Europa Nostra-prisen verdig.  Kulturskulerektor Magne Grøttebø er denne helga med til Finland i delegasjonen som skal få utdelt prisen måndag. Maskoten Hector (10) t.h. Foto: Ole Ramshus Sælthun.

No skal den gjeve prisen denne vegen har fått hentast heim

Denne helga reiser ein delegasjon frå Lærdal til Finland for å få tidelt Europa Nostra-prisen. Samstundes blir det lagt ned ein stor jobb for å halda Kongevegen prisen verdig.

Lærdal: – Det kjem til å bli voldsamt stas; heilt toppers, seier kulturskulerektor Magne Grøttebø.

For ein dryg månad sidan vart det kjent at Kongevegen over Filefjell får prisen EU Prize for Cultural Heritage / Europa Nostra Awards for 2017 i kategorien "Conservation" (bevaring).

Les også: Denne vegen har fått kulturminnevernet sitt svar på Oscarprisen

Denne helga reiser ein delegasjon beståande av Grøttebø, ordførar Jan Geir Solheim, varaordførar Trond Øyen Einemo, rådmann Alf Olsen jr. og kommunalsjef for kultur og oppvekst, Torunn Litvedt til Turku i Finland for å motta prisen komande måndag, 15. mai.

I tillegg er fyllkesordførar Jenny Følling med, og ein delegasjon frå Valdres og Oppland fylkeskommune. 

– Resultat av vedlikehald i 45 år

Prisen er den høgsthengjande kulturvernprisen i Europa, og når den blir gitt innanfor kategorien «bevaring» er det eit 45 år langt arbeid som ligg bak.

– Først og fremst er det takka vera dei femten millionane Staten har gitt for å rusta opp vegen dei siste åra. Men her har det vorte vedlikehalde sidan 1971, først ved nokre initiativtakarar, så av Vindhellas venner og turlaget. Kulturkontoret har alltid hatt stort fokus på dei historiske vegane, både kongevegen, Sverrestigen og Seltåsen.

Les også: - Mange i heile verda er misunnelege på oss i dag

Når vegen no er rusta opp, blir det svært viktig å vedlikehalda den vidare for framtida, seier Grøttebø.

– Me har tretti prosent stilling gjennom kommunen med vedlikehald på dei historiske vegane, i tillegg blir det utarbeidd ein skjøtselsplan. Vegvesenet gir 300 000 kroner til vedlikehald årleg og skal dessutan dekkja arbeidet med større hendingar på desse vegane fullt ut; om det skulle gå ras, til dømes.

– Som å gå på ein autostrada

Det kontinuerlege vedlikehaldsarbeidet står tekniske tenester for.

– Det er arbeid med gjerdingar, slåing av gras, stikking av renner, rydding av skog, fjerning av stein og vindfall –  oppatt og oppatt. Jobben er fin og det er mykje som skal gjerast. Det er så vidt me rekk over alt. Ja, eigentleg rekk me ikkje over, seier Jan Kåre Natvik ved tekniske tenester.

– Det er takka vera desse to at me får så gode tilbakemeldingar frå vandrarar, seier Grøttebø, og nikkar mot Natvik og Tom Grøthe.

– Vandrarane seier det er som å gå på ein autostrada, held han fram.

Eit anna arbeid Grøttebø fortel blir viktig, er næringsutvikling i samband med vegen.

– Me har eit godt samarbeid med bedriftsnettverket «Kongevegen over Filefjell».

Les også: Vang og Lærdal ser på mogleg samarbeid

Til toppen