GÅVEDRYSS TIL FYSIKALSK AVDELING: LHL-laga i Indre Sogn overrekka i førre veke to nye ergometersyklar til Lærdal sjukehus, men den tredje sykkelen måtte stå att.
GÅVEDRYSS TIL FYSIKALSK AVDELING: LHL-laga i Indre Sogn overrekka i førre veke to nye ergometersyklar til Lærdal sjukehus, men den tredje sykkelen måtte stå att. (Foto: Sunniva Knutsen)

No skal den siste ergometersykkelen bli bytta ut, òg

Kristin Sønnerheim synast det var for gale å lata den tredje utdaterte trimsykkelen stå.

Lærdal / Aurland: Førre veke overrekka LHL-laga i Indre Sogn to splitter nye ergometersyklar til fysikalsk avdeling på Lærdal sjukehus. 

Det var tre ergometersyklar på treningsrommet, men LHL-laga hadde berre råd til å betala for to nye, og den siste måtte difor stå att. 

Dét syns Kristin Sønnerheim i Aurland sanitetslag, var for gale. 

– Eg syns det var kjempeflott at Øystein sette i gong dette og fekk på plass nye syklar. Då eg såg at det stod att ein som ikkje var skikkeleg, var det ikkje tvil i styret i sanitetslaget at vi ville vera med på dette, og gje den siste sykkelen i gåve, seier ho. 

Ringte til Øystein 

Etter styret hadde blitt einige, ringte Kristin til Øystein Wangen sporenstreks.

KJEMPAR FOR BETRE FOLKEHELSE: Kristin Sønnerheim visste med ein gong at ho, saman med Aurland sanitetslag, ville kjøpa den siste sykkelen til sjukehuset. Foto: Arkiv

– Eg sa at me ville betala for den nye ergometersykkelen, men at han måtte bestille og få den på plass. Han veit jo kva for firma det gjeld og slikt.

Syklane vert brukt av blant anna pasientar som driv opptrening og rehabilitering etter hjartesjukdom.

Ho fortel at ho ikkje visste at utstyret på sjukehuset ikkje var i topp stand, og syns at dette var rett oppgåve for sanitetslaget. 

– Sanitetslaga jobbar jo for ei betre folkehelse, og me fann ut at dette var rett i vår gate; å hjelpa folk få opptrening og får eit godt liv etter sjukdom, seier ho og legg til:

– Men det er jo slik at i verdas rikaste land, at alt burde vera på stell.  

Wangen: Heilt fantastisk

– Eg vart jo heilt mållaus, det er jo heilt fantastisk. Me måtte jo ha skikkeleg tilbod i nærmiljøet, meinte ho, seier Wangen, som mildt sagt vart litt overraska då Kristin ringte. 

– Det visar jo den gode tankegangen i bygda, at me må hjelpa til der me kan. 

Til toppen