ÉI FERJE: Grunna teknisk feil er det berre éi ferje i drift på Fodnes-Mannheller torsdag morgon. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
ÉI FERJE: Grunna teknisk feil er det berre éi ferje i drift på Fodnes-Mannheller torsdag morgon. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

No skal dette ferjesambandet få «grønare» ferjer

Om få år skal nye ferjer setjast inn på ferjesamband Mannheller-Fodnes. Målet er å redusere CO₂-utsleppa.

Lærdal: Det er til saman 11 ferjer på fire samband som blir lyst ut i anbodsrunden torsdag. Fire av dei skal vere nullutsleppsferjer og sju lågutsleppsferjer.

– Denne utviklingskontrakten vil legge et økonomisk grunnlag for å pløye ny mark. Dette er et viktig skritt i det grønne skiftet i maritim sektor. Det er viktig for å gjøre ferjedriften vår grønn, sier vegdirektør Terje Moe Gustavsen i Statens vegvesen.

I tillegg til sambandet Fodnes-Mannheller skal også Hella-Vangsnes-Dragsvik få nye, meir miljøvenlege ferjer. 

Fem ferjer

På strekningene Mannheller-Fodnes og Hella-Vangnes-Dragsvik skal det bli fem ferjer som vil ta mesteparten av energien frå straumnettet og med biodrivstoff som alternativ. Det vil spare i underkant av 9.000 tonn/år med CO2-utslipp.

– Me no er i full gang med det grøne skiftet på ferjene. Noreg leiar an i verdssamanheng. Med dette vert det sett meir trykk på arbeidet. Resten av ferje-verda følgjer nøye med. I løpet av få år vil eit stort tal ferjer bli null- eller lågutsleppsferjer. Desse elleve er ein viktig del av det, seier vegdirektøren.

Sambanda vil verta lyste ut i ein pakke og ny kontrakt tek til å gjelda frå 2020–2028. Målet er at ferjene skal vere på plass tidlegare enn i dag ved driftsbrot for å sikre gode tilbod til ei kvar tid.

Hydrogendrevne ferjer

Hydrogendrevne ferjer er tenkt å gi moglegheit for nullutsleppsløysningar for ferjedrift over lengre strekningar enn batteriferjene har rekkevidde for.

– Viss me lykkast med hydrogendrevne ferjer, vil det også ha overføringsverdi til andre delar av sjøfarten som treng lengre rekkevidde enn elektrisk drift åleine kan gi, til dømes hurtigbåtar og annan kystnær transport, sier Gustavsen.

Til toppen