STØRRE ANSVAR: Kommunane får større ansvar for folk med rus og psykiatripasientar. For somatiske pasienter ble øyeblikkelig hjelp døgnopphold et lovpålagt tilbud i 2016.
STØRRE ANSVAR: Kommunane får større ansvar for folk med rus og psykiatripasientar. For somatiske pasienter ble øyeblikkelig hjelp døgnopphold et lovpålagt tilbud i 2016. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

No skal du sleppe å reise langt for å få akutt psykiatrisk hjelp

Folk med rus og psykiatriproblem skal frå neste år få tilbod om akutt hjelp i nærområdet, på lik linje med andre pasientar.

Sogndal: Frå nyttår kjem det eit nytt krav til kommunane om å tilby akutt hjelp også til rus og psykiatripasientar. For somatiske pasientar, altså folk med fysiske plager, vart dette kravet innført i fjor.

– Vi har ei liste som seier kva akutt hjelp-tilbod vi skal yte, så folk slepp å reise til sjukehuset for å få det. Tilsvarande blir dette no utvida til personar som har rus og psykiatriproblem, som treng hjelp der og då, og skal sleppa å reisa til Førde eller andre plassar for å få den tenesta, seier rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad.

Les også: Rådmannen i Sogndal vil gje til MR-maskin
Les også: Dei vil gjere det enklare å gje blod

Har alt på plass

Sogndal skal gje dette tilbodet ikkje berre til eigne innbyggjarar, men òg til innbyggjarane i Vik.

– Praksisen hos oss har kanskje vore at vi har ytt slike tenester allereie, når det har vore behov for det. Men vi får altså eit lovkrav frå nyttår, seier rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad.

Les også: Eva skal underhalde på sjukehuset​

Regjeringa og Stortinget har varsla fleire endringar i tilbodet til rus- og psykiatripasientar. Utviklinga går mot at kommunane skal få eit større ansvar og må yte fleire tenester.

Aanestad seier kommunen allereie har det som trengst av både av plass og folk med rett kunnskap til å løyse dei nye oppgåvene som kjem frå nyttår. Dei ekstra kostnadane blir i stor grad dekka av staten.

– Tilbodet er avgrensa til tre dagar, så det er for å komme inn, sjå om det stabiliserer seg og at du kan reise heim att, eller om du då skal få anna behandling i spesialisthelsetenesta, seier han.

Kommunen skal få fleire oppgåver

Ei anna varsla endring er, trekk pusten: «innføring av kommunal betalingsplikt for utskrivingsklare pasientar innan psykiatri og tverrfaglig spesialisert behandling for rusmiddelavhengigheit».

Kort fortalt betyr det at kommunane må betale sjukehusa for kvart døgn ein pasient med rus- eller psykiske problem blir liggande når vedkomande er frisk nok til å bli utskriven.

Innføringa av dette er litt meir i det blå. Den einaste som er er sagt er at det skal skje ein gong i 2018, eller seinare. Difor er rådmannen usikker på når dette faktisk kjem.

– Dette er ei litt større sak. Ikkje minst å finne ut mellom stat og kommune kva som går under «utskrivingsklare pasientar» og korleis det skal definerast. Det er sikkert meir krevjande å ha klare kriteriar for det innan rus og psykiatri, enn innanfor somatikken. Det har difor blitt utsett, seier han.

Sjølv om det vil bli ei krevjande oppgåve, er ikkje planen å delegere ansvaret til andre, til dømes private eller, for den saks skuld, Lærdal lokalmedisinske senter, når det kjem så langt.

–  Planen er primært å ta det sjølv. Det er difor denne tenesta blir lagt til kommunehelsetenesta. I Sogndal er me så heldige at vi har Indre Sogn Psykiatrisenter som har særleg kompetanse på rus og psykiatri, seier Aanestad.

Til toppen