MÅ SKIFTAST UT: Bassenget i Aurland skal få seg ei kraftig oppgradering. Foto: Arne Veum.
MÅ SKIFTAST UT: Bassenget i Aurland skal få seg ei kraftig oppgradering. Foto: Arne Veum.

No skal endeleg bassenget byttast ut med eit topp moderne anlegg

Nytt bassenganlegg i Aurland kan koste opp mot 43 millionar kroner.

Aurland: Bassenget i Aurland idrettshus er klart for utskifting. Det politikarane må ta stilling til er kor omfattande rehabiliteringa skal bli. Begge alternativa inkluderer nytt basseng og garderobeanlegget, men spørsmålet er om dei òg skal koste på seg eit terapibasseng i tilknyting til det ordinære.

VIKTIG TILBOD: Ordførar Noralv Distad seier bassenget treng oppgradering og håpar i tillegg kommunen tek seg råd til eit terapibasseng i same slengen.
VIKTIG TILBOD: Ordførar Noralv Distad seier bassenget treng oppgradering og håpar i tillegg kommunen tek seg råd til eit terapibasseng i same slengen.

Det synst ordførar Noralv Distad dei bør ta seg råd til.

– Det er veldig viktig for både symjeopplæringa og folkehelsa at vi har eit basseng som fungerer. Dette er eit tilbod som blir mykje brukt i Aurland og det gamle må skiftast ut. Me hadde tidlegare eit terapibad i Flåm som diverre måtte stengast. Det er noko veldig mange saknar og eg synst at det er eit tilbod me må få tilbake, seier han.

Les også: Her jaktar store og små tidelar i bassenget

Rådgjevar Steve Elgåen i Aurland seier dei treng eit klart svar frå politikarane før dei kan planleggje rehabiliteringa i detalj.

Kostnaden er vurdert til å bli mellom 36 og 47 millionar, alt etter om politikarane vel alternativet med eller utan det varme terapibassenget. Uansett vil det vere eit stort løft samanlikna med dagens tilstand på anlegget.

– Det vil stå fram som nytt. Det gamle symjebassenget blir fjerna og i staden blir det bygd eit heilt nytt, det same gjeld garderobane og terapibassenget, om dei går for det.

– Korleis blir dette finansiert?

– Det er mogleg å få tilskot på omlag 7,5 millionar kroner. Resten må kommunen stå for, enten med eigenkaptial eller ved å ta opp lån. Det kommunestyret må ta stilling til.

Til toppen