Flåm/Narvik: Artic Train i Narvik i Nordland fylke, køyrer turisttog i Ofotbana. No får dei Flåm AS frå Sogn med på laget.
Det kjem fram i ei pressemelding.
– Ofotbana Noregs nordlegaste jernbane og rekna som ei av Europas vakraste togreiser, på same måte som Flåmsbana, skriv dei i pressemeldinga.
Samarbeidet tek til med ein gong, og Flåm AS vil gå inn med to styremedlemar i selskapet.
Arve Tokvam frå Flåm AS vert ny styreleiar i Arctic Train Holding AS.

Dei skriv vidare at samarbeidet vil styrka eit heilskapleg reiselivstilbod, til både norske og internasjonale turistar.
– Det har vore ei fantastisk spanande reise so langt og me gler oss til å få Flåm AS inn som medeigar og samarbeidspartnar, seier Karl Aksel Vik, styreleiar i Arctic Train Holding i pressemeldinga.
– Ein av Noregs mest spektakulære
Dei skriv vidare at dei skal vidareutvikla Arctic Train og gjera Narvik til eit enno meir attraktivt reisemål.
– Flåm er høgt respektert i reiselivsbransjen, og me ser fram til å dra nytte av erfaringane og kunnskapen deira, seier han.

Også sogningane er nøgd med avtalen.
– Me ser fram til å bli eigar i Arctic Train, ein av Noregs mest spektakulære turistattraksjonar, seier Solrun Hjelleflat, adm. dir. i Flåm AS og konsernsjef i Aurland Ressursutvikling.