ROLLEBYTE: Per Odd Grevsnes tek eitt års permisjon frå jobben som dagleg leiar i Sogn Næring. I mellomtida skal han leie utviklinga av skisenteret i bygda.
ROLLEBYTE: Per Odd Grevsnes tek eitt års permisjon frå jobben som dagleg leiar i Sogn Næring. I mellomtida skal han leie utviklinga av skisenteret i bygda. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

No skal han få fart på utviklinga i Hodlekve

Frå næringssjef til puddersjef.

Sogndal: Etter fire og eit halvt år i Sogn Næring skal Per Odd Grevsnes bruke det neste til sette fart på dei store ambisjonane i Hodlekve.

– For Sogndal skisenter har det handla om å legge stein på stein. No handlar det om å legge stein på stein litt raskare enn før, seier Grevsnes.

– Ingen grunn til å vere misnøgd med takta på hyttesalet

Allereie til vinteren opnar ein ny barneheis. Det blir laga planar for sommaraktivitetar, slik at Hodlekve skal nå målet om å bli ein heilårsdestinasjon. Det blir jobba beinhardt med å finne pengar til Dalaloven, det nye servicebygget ved heisen i Rindabotn. Grevsnes er usikker på om dei greier å jobbe raskt nok til at bygginga kan starte til hausten, men er sikker på at dei skal få det til til slutt.

– På sikt blir Sogndal skisenter Hodlekve ein stor regional skidestinasjon, er oppsummeringa.

Forventingane vart skrudd i vêret då Even Hegbom og investorane frå Myrkdalen lanserte gondolplanar og verdiskaping i millardklassen i 2012. Sidan har det skjedd mykje, men kanskje ikkje i det tempoet mange hadde håpa. Til dømes er det ei stund sidan vi har høyrt snakk om gondobana, som den gong vart spådd realisert innan fem-seks år.

– Det kan hende nokon synst det går for seint, men på få år har vi solgt litt i underkant av hundre hyttetomter. Så det er ingen grunn til å vere misnøgd med takta på hyttesalet. Og vi har ambisjonar om å selge 420 tomter til der oppe, seier Grevsnes.

Gondolplanane står ved lag

Gondolplanane er heller ikkje blitt lagde på is, seier han. I det minste om vi legg rett definisjon til grunn. Det dei ser for seg i Hodlekve er å byggje ein telemiks, ein slags hybrid mellom ein stolheis og gondol.

– Det er heilt klart at vi har ambisjonar om å komme dit at vi skal få bygge denne typen heis. Så får diskutere med bygda og dei ulike aktørane om dèt er rett å satse på og når vi eventuelt skal gjere det.  

Den lokale eigarskapen er ein ting Grevsnes understrekar ikkje har endra seg sidan investorane kom. Den ferske leiaren er oppteken av at Sogndal skisenter framfor alt tilhøyrer bygda, slik det alltid har gjort.

– Investorane vi fekk med oss i Hodlekve har bidrege med økonomi, men styringa er framleis lokal. Det betyr at det er politikarar, kommune og bygda sine eigne folk, som styrer drifta av skisenteret i Hodlekve, seier Grevsnes.

Det neste året er det han som skal ha den jobben.

Til toppen