POSITIV: Leiar for Studentparlamentet ved HiSF, Ingrid Moe Albrigtsen, har vore mot fusjon, men ser likevel fram til den store jobben som no ligg føre. Foto: Ole Ramshus Sælthun
POSITIV: Leiar for Studentparlamentet ved HiSF, Ingrid Moe Albrigtsen, har vore mot fusjon, men ser likevel fram til den store jobben som no ligg føre. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– No skal me snu på flisa

Studentane sjølve har vore mot fusjon heile vegen. No vil dei vera framoverlente i jobben med å skapa den nye Høgskulen på Vestlandet. 

Sogndal: – Det er det mest spennande møtet i Høgskulestyret eg har vore i. Diskusjonen var heit, god og nesten ufin, seier Ingrid Moe Albrigtsen, leiar for Studentparlamentet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

– Noko av det vanskelegaste eg har gjort

Etter tre timar med debatt, krasse ordvekslingar og til slutt internt møte mellom styremedlemmane som representerer dei tilsette vedtok altså høgskulestyret å gå inn for fusjon. Det betyr at Høgskulen i Sogn og Fjordane går inn i den nye Høgskulen på Vestlandet med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund.

​Før røystinga tok til rett før klokka 1530 stod det om ei stemme - fem var for fusjon, fem var mot. Jan Olav Fretland, som representerer Avdeling for lærarutdanning og idrett i styret, låg på vippen. Etter eit kort møte på "bakrommet" med dei andre interne representantane, orienterte han styret om at han kom til å stemma for fusjon - med god forståing i ryggen frå dei som stemte mot.

AVGJORT: I denne augneblinken blir det bestemt at Høgskulen i Sogn og Fjordane går inn i den nye Høgskulen på Vestlandet. Dei som syner stemmeteikn røyster mot fusjon.
AVGJORT: I denne augneblinken blir det bestemt at Høgskulen i Sogn og Fjordane går inn i den nye Høgskulen på Vestlandet. Dei som syner stemmeteikn røyster mot fusjon.

– Dette er definitivt noko av det vanskelegaste eg har gjort, var Fretland sin umiddelbare kommentar etter at avgjersla fall.

Det har Moe Albrigtsen svært stor forståing for:  

– Eg skjønar dette er veldig vanskeleg for eit kvart styremedlem. Og dei er ikkje forplikta til å meina same som studentmassen.

Fryktar for rekrutteringa

For studentane sjølve har vore klart mot fusjon. Ei gruppe studentar stod med protestplakatar framfor møterommet der vedtaket skulle fattast i framkant av dagens møte i Høgskulestyret. På ein av plakatane stod det "87% stemte nei, lytt til oss". 

– Sjølv har eg vore inne i fusjonssaka i tre år, og det har gjort meg både meir og mindre for fusjon. Det er stort politisk press utanfrå, noko eg tykkjer er uheldig. Institusjonane burde i større grad og meir reelt få bestemma dette sjølve, seier Moe Albrigtsen.

Eit moment som vart brukt både for og mot fusjon i diskusjonen rundt styrebordet gjekk på rekruttering. "Ja"-sida framheva mellom anna at ved å bli ein del av Høgskulen på Vestlandet ville ein vera sikra fleire masterstudium og kanskje PhD-utdanning (doktorgrad). Dette igjen vil kunne føra til større rekruttering fordi mange vil ta dei høgaste gradane, og fordi ein kan ta eit fullt utdanningsløp same stad, hevda desse.

"Nei-sida" frykta ein fusjon vil føra til at det høgare utdanningstilbodet i Sogn og Fjordane mistar identiteten og særpreget HiSF har vore kjende for, og at dette igjen vil svekkja rekrutteringa.

– Eg tykkjer dette med rekruttering er den skumlaste biten. Særpreget vårt er svært viktig. Heldigvis skal me få høve til å profilera oss sjølve også i den nye Høgskulen på Vestlandet, seier studentparlamentsleiaren. 

"Let´s dance"

Sjølv om studentane ikkje vann fram med sitt syn, er Moe Albrigtsen klar på at dei skal bidra positivt og kreativt i den store organisatoriske jobben som no står framfor dei

– Studentane har vore veldig mot, no må me få dei til å snu på flisa - for å leggja best mogleg til rette for framtida. Og eg må få seia at dette blir spennande. Det er min lille baby. Eg skal vera med i Høgskulestyret til hausten, samt interimsstyret for den nye organisasjonen. Då får eg følgja dette heile vegen. Eg er ein kreativ person som elskar å tenkja utom ramma, så å få vera med på ein så stor prosess i ein så stor organisasjon blir veldig interessant. 

– Kva blir det viktigaste for dykk no?

– Å få med studentrepresentantar herifrå som talar studentane si sak. Det blir ein stor og tung jobb i ein mellomperiode no. Men me skal vera positivt innstilte. Ei gong her i haust spurde leiarane for Studentparlamenta i Stord/Haugesund og Bergen - Trond Ødegård og Fredrik Bødtker - om me skulle dansa. Det skulle me ikkje, svarde eg. No skreiv eg akkurat til dei på facebook: "Let`s dance".  

 

Til toppen