Aurland: Tysdag blei dei største cruisehamnene i Norge einige om ein ny modell som skal gje økonomiske fordelar til dei meir miljøvennlege skipa som legg til kai. Med på laget er òg Innovasjon Norge og Kystverket.
– Det viser at heil bransje tek dette på alvor. Hamnene òg ønskjer å bli meir miljøvennlege og me tek miljøansvaret tungt. Me vil i allefall gjera det me kan for å bevega oss i rett retning, seier Jon Olav Stedje, assisterande hamnesjef i Aurland.
Samstundes som det blir billegare for reine skip å ligge til kai, blir det tilsvarande dyrt for dei som forureinar meir.
– Me prøver å prioritere dei som gjer tiltak og er miljøvenlege, så dei skal få ei gulrot til å satse på meir miljøvenleg teknologi. Det er viktigare enn at dei andre blir straffa med høgare inngangspris, seier Stedje.
Tiltaka han nemner kan for eksempel vere dokumentert reduksjon av CO2- eller NOX-utslepp, eller at reiarlaga har gjort skipa klare til landstrøm, sjølv om ikkje kaiene er klare enno.
– Korleis dette blir reint praktisk er framleis under utvikling, men det er på gang. Me håpar at dette skal bli gjeldande allereie i 2018, i allefall at det blir starta eit prøveprosjekt, seier den assisterande hamnesjefen.