Lærdal: Stortinget løyvde tre millionar kroner til Stiftelsen Kunnskapssenter for laks og vannmiljø over statsbudsjettet for 2018, og Klima- og miljødepartementet ber no om at senteret blir realisert, det skriv Lærdal Næringsutvikling i ei pressemelding.
Eit steg i rett retning
«Departementet ber på denne bakgrunn direktoratet i samråd med Stiftelsen Kunnskapssenter for laks og vannmiljø sørge for at det blir opprettet en nasjonal stiftelse for et villakssenter», står det i brevet frå departementet til Miljødirektoratet.
– Dette er enno eit steg i riktig retning, og det er avtalt møte på seinsommaren med statssekretær i Klima- og miljødepartementet for å sikra at Staten står som stiftar og at det blir lagt opp til ei langsiktig finansiering av villakssenteret, seier Alf Olsen jr. styreleiar i Stiftelsen Kunnskapssenter for laks og vannmiljø.
Kan føra til nye arbeidsplassar
Nasjonalt villakssenter skal vera eit verktøy i arbeidet for å bevara villaksen, ved at formidling av relevant kunnskap blir styrkja, regionalisert og gjort meir tilgjengeleg. I tillegg til Lærdal, er Tana, Namsos og Lyngdal inne i satsinga.
Sentra er tenkt som ein samarbeidsarena for ulike aktørar med interesser knytt til villaksforvaltninga særskilt og laksen generelt.
På sikt kan det også bli snakk om nye arbeidsplassar i Lærdal.
– Konkret er målet å etablera små fagmiljø med to-tre tilsette alle dei fire plassane, og i Lærdal er det naturleg at desse blir knytt til villakssenteret me alt har. Dei må ha stabile rammer rundt seg for å kunne drive fagleg verksemd av høg kvalitet; dette er ei nasjonal satsing og senteret skal ta ei nasjonal rolle – vera eit ombod for villaksen, seier Olsen.