No skal Odd Einar (45) fram i lyset

Han blir skildra som ein av Musikk-Noregs beste bevarte løyndommar, men no vil to av Noregs mest bereiste menn i musikkbransjen få Odd Einar Nordheim fram i lyset.

Årdal: Det seier Christer Falck og Peter Brandt, som har inngått ein management-avtale med 45-åringen frå Øvre Årdal. Det opplyser dei to i ei pressemelding.

Duoen er to som kjenner musikkbransjen godt, der førstnemnde er kjend for sine grandiose prosjekt, medan sistnemnde har hatt roller som talentspeidar, manager, produsent og teatersjef.

– Odd Einar har fram til no vore norsk musikks best bevarte løyndom. Når ein høyrer denne mannen synge, er det nesten ufatteleg at han ikkje tidlegare har fått eit stort gjennombrot, seier Brandt. 

– Forfulgt av uflaks

Han meiner årdølen har hatt uflaks så langt i karriera. Falck var sjølv med på å gi ut plata «Not All Birds Fly With Ease». Trass strålande tilbakemeldingar, gjekk det ikkje heilt vegen. Same veka som albumet kom gjekk Free Record Shop, som stod for om lag halvparten av platesalet, konkurs. 

HALLELUJA: Nordheim fekk æra av å framføre «Halleluja» på den NRK-sendte hyllesten til Leonard Cohen.
HALLELUJA: Nordheim fekk æra av å framføre «Halleluja» på den NRK-sendte hyllesten til Leonard Cohen. Bilde: Per Ole Hagen, artistpicturesblog.com

Då debutalbumet kom nokre år før, blei dåverande sjef i EMI, som også var stor fan av Nordheim, bytta ut. Ifølgje Falck vart albumet nærast skrinlagt før det nådde butikkane.

– No har Odd Einar brukt opp uflaksen sin. No skal Peter og eg bruke våre til saman 70 år med bransjeerfaring til å løfte han fram. Alt han treng er eit publikum og ein entusiastisk lokal fanbase. Det siste har me fått med på kjøpet. No skal me sørga for at resten av landet får med seg at Noregs udiskutabelt dyktigaste vokalist peakar i ein alder av 45 og er frå Øvre Årdal, seier Falck. 

Halleluja-stemning

Medan «OdD» har voe artistnamnet tidlegare, er det «Odd Einar» som no er det nye, gamle namnet. Management-arbeidet blir organisert gjennom det nyoppretta selskapet Purple Music AS, der Brandt er dagleg leiar og Falck styreleiar. 

FRAM I LYSET: Falck og Brandt vil no ha Odd Einar Nordheim fram i lyset.
FRAM I LYSET: Falck og Brandt vil no ha Odd Einar Nordheim fram i lyset. Bilde: Per Ole Hagen, artistpicturesblog.com

Dei to fann kvarandre gjennom Prince og hyllestforestillinga «Purple Rain», som dei produserer saman. Her var Nordheim ein av hovudvokalistane. 

45-åringen deltok nyleg også på hyllesten til Leonard Cohen som blei sendt på NRK1 sist fredag. Også den blei produsert av Falck. Der fekk Nordheim framføre «Halleluja». 

Sjå video av framføringa til Nordheim i videovindauget øvst i artikkelen.

Til toppen