I ELDEN: Ei drøy veka etter suksessdebatten i Årdal går lærdølene for det same. Lærdal Næringssamskipnad og Lærdal kommune arrangerer difor til debatt onsdag neste veka. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
I ELDEN: Ei drøy veka etter suksessdebatten i Årdal går lærdølene for det same. Lærdal Næringssamskipnad og Lærdal kommune arrangerer difor til debatt onsdag neste veka. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

No skal politikarane i Lærdal få testa seg i debatt

Lærdølene gjer som årdølene og inviterer til lokalpolitisk debatt neste veka.

Lærdal: Debattmøtet i Årdal var ein stor suksess med smekkfull sal i kinosalen på Årdalstangen. Neste veka satsar Lærdal Næringssamskipnad og Lærdal kommune på same oppslutnad når dei inviterer til debatt.

Igjen er det Rolf Sanne-Gundersen som har teke på seg rolla som debattleiar. Den tidlegare redaktøren i NRK Sogn og Fjordane gjorde ein god jobb i Årdal og fekk ros frå politikarane i etterkant.

Les også: Politikarane kom seg heilskinna gjennom debatten

– Me synest det er riktig å fram dei ulike perspektiva til dei ulike partia. Me har sakna utspel frå ordførarkandidatane, og dette er eit fint høve til å samla dei, seier Helene Maristuen i Lærdal Næringssamskipnad. 

– Spesielt er dette interessant for næringslivet, som bidrar til lokal samfunnsutvikling på mange måtar. Difor er me oppteken av det. Alt heng saman, som bu- og arbeidsmarknad, og det private versus det offentlege og så vidare.

Skapa seg identitet

Samtlege fem parti har sagt at dei stiller opp med sine ordførarkandidatar. Det er Annike Vanberg (SV), Kåre Mentz Lysne (Ap), Jan Geir Solheim (Sp), Frode Myklebust (V) og Trond Einemo (H) som stiller til debatt.

– Me håpar at dei ulike partia seier litt klarare kva dei meiner, kva standpunkt dei har og skapar seg ein tydeleg identitet. Då er det lettare for veljarane å gå til valet nokre dagar etterpå, seier Maristuen vidare. 

Video: Sjå den lokalpolitiske debatten her

Kva tema som skal opp til diskusjon er noko som vert jobba med i desse dagar, men ifølgje Maristuen blir det dei tradisjonelle temaa som opptar folk flest. 

Debatten finn stad onsdag neste veka i kultursalen i kulturhuset i Lærdal. 

Porten.no planlegg å filma heile debatten og legga ut i etterkant. 

Til toppen