REGIONREFORMA: Tysdag og onsdag kan du følgje debatten i fylkestinget direkte på Porten.no. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune. 
REGIONREFORMA: Tysdag og onsdag kan du følgje debatten i fylkestinget direkte på Porten.no. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

No skal reformplanane avgjerast

Tysdag og onsdag kan du følgje debatten i fylkestinget direkte.

Leikanger: Fylkestinget i Sogn og Fjordane møtest tysdag og onsdag for mellom anna å diskutere regionreforma, som fekk seg eit skot for baugen måndag.

Då skreiv NRK at Rogaland Framstegsparti seier nei til Vestlandsregionen, noko som gir nei-sida eit fleirtal i fylkesutvalet som møtest der i dag. 

– Det er ikkje eg og gruppa på åtte representantar i fylket som skal avgjere dette. No har me høyrt me alle, og eit overvegande fleirtal har sagt at dei ønskjer å stå åleine som eigen region – eller ha ny samtale med Hordaland, seier gruppeleiar for Frp Anita Egeli til NRK.

Fylkestinget i Rogaland skal først ta stilling til saka den 13. og 14. desember.

Truleg vil debatten kring regionreforma kome først onsdag sidan fylkestinget skal gjennom ein del andre viktige saker først. 

Når det gjeld dagens møte i Sogn og Fjordane, skal fylkestinget også gi uttale i KVU kring fylkesveg 52, handsame budsjett for neste, samt økonomiplanen fram til 2020, i tillegg til regionreforma.

Møtet ser du i videovindauget under.

Til toppen