Sogndal: Onsdag klokka 10.30 skal den siste store stålbjelken på Loftesnesbrui heisast på plass med kran. Under arbeidet vil brua bli stengt i inntil ein halvtime.
– Viss alt går slik me trur, så bruker me ikkje så lang tid heller. Utrykkingstid får passera, seier Gunnar Solbakken i Statens vegvesen..
Det er den ytste hovudbjelken på sogndalssida som manglar. Den kunne ikkje bli montert før gamlebrua vart riven. Det vart gjort før jul. Sidan har det blitt bygd eit betongfundament inne på land som eine enden av bjelken skal ligga på.

Bjelken vil bli frakta på ein lastebil frå Kaupanger og til det smalaste partiet på brua. Der vil krana stå klar og lossa han av. Straks det er gjort, kan spesialtransporten køyra vekk og brua opna att.
– Betongbjelken skal då sveisast fast, i tillegg kjem det små tverrbjelkar som òg skal på plass, seier Solbakken.
Den nye konstruksjonen må gjennom same runde med støyping av betongdekke, montering av rekkverk og asfaltering, som den delen av brua som allereie er ferdig. Difor er det enno ei stund til me får sjå brua i si fulle breidde.
– Då snakkar me om juni månad, så skal det meste vera klart der, seier Solbakken.
Sjølv om det vart ei lita markering i slutten av november, då trafikken fekk sleppa gjennom på nyebru for første gong, skal den offisielle opninga først vera om sommaren, når alt, inkludert fjordsti og parkanlegg, er klart.