SVAR TIL HANDLING: Resultatet av innbyggjarundersøkinga som Årdal kommune gjennomførte før nyttår er klart. No skal svara danne grunnlag for ein handlingsplan slik at tenestene vert endå betre, fortel ordførar Arild Ingar Lægreid og rådmann Olve Fossedal. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
SVAR TIL HANDLING: Resultatet av innbyggjarundersøkinga som Årdal kommune gjennomførte før nyttår er klart. No skal svara danne grunnlag for ein handlingsplan slik at tenestene vert endå betre, fortel ordførar Arild Ingar Lægreid og rådmann Olve Fossedal. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

No skal svara til innbyggjarane bli til handling​

Folk i Årdal har generelt eit godt inntrykk av og positive opplevingar med tenestene kommunen leverer. Det går fram av ei undersøking.

Årdal: No skal svara bli til ein handlingsplan slik at ein anten kan få ordna det folk er kritiske til eller betra det ein allereie gjer godt. 

– Dersom ein ser på snittet i Årdal samanlikna med landet, er det berre to område me scorar under på, eitt ligg me nøytralt på, medan resten er positivt, seier rådmann Olve Fossedal. 

– No er tida for å minne oss om at alt heng saman med alt. Viss ein vil gjere meir av noko, må ein gjere mindre av noko anna for å oppretthalde ein økonomisk handlefridom.

– Viktig informasjon for oss

Undersøkinga vart gjort mot slutten av fjoråret. Litt over 1100 innbyggjarar fekk skjema tilsendt i posten. Av desse har 33 prosent sagt si meining. Dei folkevalde skulle helst sett at det var fleire, men er nøgde med svarprosenten.

– Gjennom ei slik undersøking får me vite kva inntrykk folk har av kommunen, noko som gir oss politikarar viktig informasjon. Det er bra at så mange er positive og har både godt inntrykk og gode erfaringar med tenestene våre. No må me setja oss inn i materialet og jobba vidare med det, sa Sandra Opheim (MDG) i formannskapsmøtet tysdag.

Tanken no er at dei folkevalde skal drøfte kva dei vil følgje nærare opp og lage ein handlingsplan. Denne planen skal deretter tilbake til politisk handsaming før sommaren. 

– Eg tykkjer ikkje det er rett berre å ha fokus på det negative, men ta inn over seg at at folk stort sett er nøgde med tenestene våre. No legg me opp til prosess der politikarane kan innrette seg slik at me kan score betre om 2-3 år dersom me gjer ei ny kartlegging, seier Fossedal. 

Minst nøgde med vegane

Av resultatet går det mellom anna fram at folk er minst nøgde med standarden på vegar og gater, tilrettelegging for gåande og syklistar, samt kollektivtilbodet, folkeliv og aktivitet. 

Det er også ein tydeleg forskjell på øvringar og tangingar når det gjeld meiningar om utbygging og utvikling på dei to tettstadane. Elles meiner nesten halvparten av dei som svarte at dei folkevalde ikkje lyttar til innbyggjarane sine synspunkt. 

Nesten alle spurte er positive til nærområdet sitt og til å bu i kommunen, men éin av åtte svarar at dei er usikre på om dei bur i kommunen om tre år. 

Rapporten kan du lesa i sin heilskap her.

Tek innspela på alvor

Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) seier partiet hennar kjenner seg att i mykje av det som kom fram i rapporten. Det same gjer Erling Offerdal (Sp).

– At me no lagar ein handlingsplan, er positivt. Det er mange tiltak me kan gjera betre, men me må berre byrje i ein ende og ta det steg for steg. Alle punkta er like viktige, seier han.

Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid (Ap), seier han tek svara på alvor.

– Me får ta den tilbakemeldinga me har fått, og så håpar eg at me kan få noko ut av det. Me tek tilbakemeldinga på alvor, og no legg me opp til at dette vert tatt tak i.

Til toppen