BETRING I SIKTE: Strekningane som vil få nytt og betre LED-lys er markerte med raudt.
BETRING I SIKTE: Strekningane som vil få nytt og betre LED-lys er markerte med raudt. (Foto: Årdal kommune)

No skal ungane på Årdalstangen få betre gatelys på skulevegen

Årdal: Årdal kommune har fått 800.000 kroner frå fylkeskommunen til å setta opp betre lys på gang- og sykkelvegen til Tangen skule. Lysa er allereie bestilt, og kommunen ivrig etter å setta i gang med arbeidet.

– Eg trur det blir bra. Målet er å få det ferdig fort, seier prosjektleiar Svein Ove Åmås.

Løft for skuleungane

Strekninga som blir utbetra i denne omgang er Hydrovegen, Vollevegen, gangvegane langs elva og opp skogen ved «blokkabakken». Vegane er mykje nytta av mjuke trafikantar, opplyser kommunen.

– Dette er noko me har prøvd å få til før, men då fekk me ikkje tilskot. No har me fått, og eg reknar at ungane som skal på skulen ser fram til at vegen blir godt opplyst, seier Åmås.

Prosjektet startar tidleg i september og skal vera ferdig til slutten av november. Tilskotet frå fylkeskommunen dekker lys og utstyr, medan kommunen tek kostnadane med sjølve arbeidet og gravinga.

Første fase

– Dette er det første tiltaket for å få heilskap i gangvegen heilt frå Seimsdalen og til Tangen skule, seier Åmås.

Neste fase blir når den nye Seimsdalstunnelen kjem på plass, forhåpentlegvis innan 2021. Tunnelen er i dag smal og ikkje dårleg tilpassa mjuke trafikkantar. I ny drakt vil han få ein to meter brei gang- og sykkelveg.

– Før den tid håpar me at me får på plass intensivbelysning på Hæreidskrysset og krysset ved Hydrovegen, seier Åmås om dei framtidige planane.

Til toppen