FLYTTAST: Her har Wittgenstein-huset i Skjolden stått sidan 1958, då det var flytta frå «Ørnereiret» ved Eidsvatnet til Bolstadmoen. No ventar eit lagerrom før turen går vidare tilbake til der det opprinneleg stod.
FLYTTAST: Her har Wittgenstein-huset i Skjolden stått sidan 1958, då det var flytta frå «Ørnereiret» ved Eidsvatnet til Bolstadmoen. No ventar eit lagerrom før turen går vidare tilbake til der det opprinneleg stod. (Bilde: Odd Helmer Handeland)

No skal Wittgenstein-huset flyttast

Denne veka kjem rivemannskapet for å ta ned Wittgenstein-huset før det skal få ein ny heim.

Luster: – Då køyrer me huset til ein førebels lagringsplass før det skal oppførast på ny ved nordenden av Eidsvatnet, der huset stod i alle år, etter at det vart bygd første gongen i 1914, seier primus motor for den lokale medverknaden i prosjektet Harald Vatne i Skjolden Bygdelag.

ORIGINALE: Desse vindaugefakka er frå 1914. Harald Vatne kjøpte og tok vare på vindauga etter at dei var flytta frå Eidsvatnet.
ORIGINALE: Desse vindaugefakka er frå 1914. Harald Vatne kjøpte og tok vare på vindauga etter at dei var flytta frå Eidsvatnet. Foto: Odd Helmer Handeland

Huset som no skal rivast og flyttast vart oppsett av den austerrikske og seinare verdskjende filosofen Ludwig Wittgenstein, som ein gong i tida forelska seg i naturen i nordre ende av Eidsvatnet.

Etter eit ferieopphald i Skjolen i 1912 bestemte han seg for å kjøpa ei tomt i berget her og sette opp eit lite hus, der han fredfullt kunne ta fatt på si store livsgjerning, det filosofiske verket «Transactus Logico Philosophicus».

«Huset i Austerrike», som folk i Skjolden kalla det, vart seld til Arne Bolstad i 1918 då Wittgenstein flytta frå bygda for godt. I 1957 tok Gunnar Bolstad over, før familien hans gjekk me på å selja det til stiftinga Wittgenstein Foundation. 

ØRNEREIR: «Ørnereiret i Austerrike», var det mange lokale i Skjolden som kalla huset då det stod rett under Bolstadnosi i Skjolen med Eidsvatnet under.
ØRNEREIR: «Ørnereiret i Austerrike», var det mange lokale i Skjolden som kalla huset då det stod rett under Bolstadnosi i Skjolen med Eidsvatnet under. Foto: Wittgenstein Foundation

Vindaugo, dører og trapper er fjerna frå huset. Berre det originale skifertaket står att i tillegg til byggverket. Dei originale vindaugo frå 1914 har Harald Vatne tatt hand om, fortel han. 

– Dei er inntakte og skal på plass att i Wittgensteinhuset, seier han.

Sidan august har rivingsarbeidet, som MeTre utfører, pågått. Alle plankane i byggjer skal setjast opp nøyaktig slik dei vart oppsett for 113 år sidan. 

Med nemnde «Tractatus Logico-Philosophicus» frå 1921, den einaste av bøkene hans som vart utgive medan han levde, skapte Wittgenstein seg eit verdsrenommé. I dette verket, meinte Wittgenstein å ha gitt den endelege løsningen på alle filosofiske og logiske problem.

Til toppen