GÅR SIN EIGEN VEG: Lærdalsbandet Longhorn er aktuell med ny plate, der songane er sjølvskrivne. Foto: Andreas Aannevik.
GÅR SIN EIGEN VEG: Lærdalsbandet Longhorn er aktuell med ny plate, der songane er sjølvskrivne. Foto: Andreas Aannevik.

No står dei «Pao eigne bein»​

Longhorn er aktuell med ny plate og inviterte til sleppkonsert.

Årdal: Søndag kveld rocka bandet Longhorn ungdomshuset i Øvre Årdal. Omkring 40 personar tok turen for å høyre musikken frå den nye plata «Pao eigne bein». 

Bandet klarte å få fram dansefoten i enkelte, medan andre klappa i takt med musikken.

Dyktige

Bandet har eit godt samspel med musikarar som kan instrumentet sitt. Med blant anna Tom Karlsrud frå Gjertruds sigøynerorkester, Ragnar Sanden på bass og Kristen Olav Grøttebø på vokal. 

Under konserten kom det soloar frå Tom Karlsrud på trekkspel, men også frå det yngste gitaristen i bandet, nemleg Gudmund Bolstad Skjær. Både sistnemnde og Karlsrud spelar med god innleving og er svært dyktige.

Bandet har meiningsfulle tekstar som Magne Grøttebø (gitar/vokal), Steinar Kvigne (gitar/vokal) og Kristen Olav Grøttebø står bak.

Gamal «trommis»

Trommeslagaren i bandet var opprinnelig Steinar Kvigne. Men som Kristen sa med eit smil om munnen under konserten, ville Kvigne lengre fram på scena. No spelar sonen Kjartan Kvigne trommer i bandet. Noko som høyrest ut til å fungere svært bra.

Porten.no spurte nokre personar i publikum om kva dei synest om konserten. Dei fleste svarar at det var svært fint, og at musikarane er svært dyktige.

«Pao eigne bein»

Vokalist, Kristen Olav Grøttebø fortel at sidan alle musikarane var samla denne helga, slo dei til med ein konsert i Årdal.

– Me spelte sleppkonsert i Lærdal på laurdag, og difor var alle musikarane samla. Då tenkte me at bandet kunne ha konsert i Årdal. Her kjenner ein del til oss frå før også.

Til toppen