Sogndal: Fjordstien i Sogndal går frå høgblokka på Sjøkanten og skal ende ved den nye Loftesnesbrua. Den første delen, fram til Hofslund Fjordhotell, vart ferdig i haust. No skal siste delen av strekninga på plass.

– Det har vore eit mål for oss at me skal vera ferdige samstundes som den nye Loftesnesbrui skal opna i 2018. Utifrå dei presentasjonane eg har sett, så blir dette flott når det er ferdig. Det vil bli eit løft for innbyggjarane, reiselivet og næringslivet i kommunen, seier ordførar Jarle Aarvoll.
Les også: Bli med langs den nye fjordstien
Kommunen skal stå for utbygginga frå hotellet og til busshaldeplassen ved Rones barnehage og folkehøgskulen. Tidlegare overslag har estimert ein pris på grovt rekna 12 millionar kroner. Vegvesenet skal stå for bygginga av det siste strekket frå busshaldeplassen og over den nye brua.
Kommunen har fått inn tilbod frå to entreprenørar og har til i dag vore i forhandlingar, mellom anna for å få ned prisen. Formannskapet vil få presentert den endelege summen saman med tilrådinga frå rådmannen på møtet torsdag. Innstillinga er at overskotet frå budsjettet i 2016 skal dekke halvparten av kostnaden.
– Tilbydarane har fått frist til i dag til å komme med eit revidert tilbod. Dei vil bli gjennomgått, så kva summar det er snakk om kan eg ikkje seie noko om, seier rådmann Jostein Aanestad.