MODELLAR: Jørgen Luggenes og Årdal Energi startar no arbeidet med å greia ut kva modellar som kan bli aktuelle for kraftselskapet når dei no må skilja nettdelen og kraftdelen frå kvarandre innan 2021.
MODELLAR: Jørgen Luggenes og Årdal Energi startar no arbeidet med å greia ut kva modellar som kan bli aktuelle for kraftselskapet når dei no må skilja nettdelen og kraftdelen frå kvarandre innan 2021. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

No startar arbeidet med å greia ut korleis Årdal Energi skal sjå ut i framtida

Innan 2021 skal nettdelen og kraftdelen i Årdal Energi splittast i to. Arbeidet med korleis dette skal løysast startar no.

Årdal: Det var i mars i fjor at Stortinget vedtok endringar i energilova, der det vart innført krav om selskapsmessig og funksjonelt skilje for alle nettselskap i Noreg.

Everksjef i Årdal Energi, Jørgen Luggenes, la den gongen ikkje skjul på at det var noko dei ikkje ønskte seg. I praksis betyr dette nettdelen og kraftdelen skal delast i minst to sjølvstendige einingar.

– I tillegg kjem det funksjonelle skiljet som gjer at ein ikkje kan bruka ressursar på tvers. Verken styret eller leiing kan vera det sama, og det betyr dobbel kostnad. Det blir ei fordyrande sak, seier Luggenes.

Fokus på kjerneoppgåvene

Torsdag gav kommunestyret han og resten av styret i Årdal Energi mandat til å setja i gang arbeidet med å greia ut ulike løysingar for korleis dette kan gjerast. 

– Dette blir ei av sakene som blir krevjande å handtera framover. Dette vil krevja endringar i det kommunale eigarskapet me har i Årdal Energi, sa Aleksander Øren heen (Sp).

– Eg vil også signalisera at for Senterpartiet blir det viktig at ein har fokus på kjerneoppgåvene selskapet skal løysa. Det vil seia drift av nettet og handtering av konsesjonskrafta som Årdal kommune har. Det er dei elementa som må vera berande for korleis ein riggar ei framtidig organisering. 

Smarthus

I tillegg til å sjå på ulike modellar for korleis skiljet kan løysast, ber kommunestyret om at styret sonderer aktuelle framtidige samarbeidspartar for selskapet sine verksemdsområde. 

– Det er vel kva ein kan finna på med kraftdelen som blir mest spennande å funne ut av?

– Ja, det er jo mange moglegheiter for den konkurranseutsette delen. Det kjem jo an på kor aktive me skal vera på den biten. Me er allereie med i eit prosjekt som ser på smarthus, der me har moglegheit til å bli meir aktive. Smarthus er noko som har stort potensiale innanfor helse- og omsorgssektoren, seier Luggenes.

Til toppen