BJØRKEPOLLEN: Astma og allergiforbundet tilrår at du byrjar med mediseringa om du er ein av allergikarane. 
BJØRKEPOLLEN: Astma og allergiforbundet tilrår at du byrjar med mediseringa om du er ein av allergikarane. 

No startar bjørkepollensesongen

Det var venta beskjeden spreiing av bjørkepollen i helga, melder Astma- og allergiforbundet. Det er nokre dagar tidlegare enn venta.

Det er i første omgang snakk om spreiing på Austlandet, Sørlandet og i Rogaland.

– Vi ventar at det blir ein normal sesong. Sesongen for bjørk startar som regel på Austlandet mot slutten av april, og kan strekkje seg heilt til midten av juni i Nord-Noreg, og i fjellet i Sør-Noreg, seier Lene Gunvaldsen, kommunikasjonsrådgjevar i Astma- og Allergiforbundet.

Har du ikkje allereie starta medisineringa, tilrår Astma- og Allergiforbundet at du startar med ein gong. (©NPK)

Til toppen