Aurland: Breamar frå Fred Olsen er fyst ut fredag, og Astoria frå CMV kjem dagen etter, påskeafta.
– Den første «store» kjem tjuefemte april og er Aurora frå P&O. Etter dette går det slag i slag, og Celebrity Eclipse og Britannia kjem andre og tredje mai, fortel Stedje.
Og dei «store» kjem til å ruva godt i kaia i Flåm – medan Celebrity Eclipse er 314,8 meter lang og 122 000 bruttotonn, er Britannia 329,8 meter lang og 143 730 bruttotonn.
245 000 passasjerar
Det aller største cruiseskipet som kjem til Flåm i løpet av sesongen er Queen Mary 2, heile 344 meter langt og 148 528 bruttotonn. Queen Mary 2 legg til kai to gonger; først tysdag 18. juli, så laurdag 26. august.
– Sesongen ser lovande ut – 141 anløp og eit estimert passasjertal på om lag 245 000 om ein reknar med nitti prosent belegg på skipa. I år har me og for fyste gong eit oktoberanløp og det er AIDACara som avsluttar sesongen 5. oktober, seier Stedje.