TØFF HAUST: Både Årdal og Fjøra må levere opp mot sitt beste denne hausten, dersom dei har mål om å spele i tredjedivisjon også til neste år. Foto: Rune Sjøberg/Halvor Farsund Storvik.
TØFF HAUST: Både Årdal og Fjøra må levere opp mot sitt beste denne hausten, dersom dei har mål om å spele i tredjedivisjon også til neste år. Foto: Rune Sjøberg/Halvor Farsund Storvik.

No startar haustdramaet i tredjedivisjon: «Alle» kan rykke ned

Både Årdal og Fjøra får ein tøffast mogleg start på det som kan verte den mest spanande haustsesongen i tredjedivisjon nokosinne.

Sogndal/Årdal: Neste sesong skal seriesystemet nemleg leggjast om. Difor er det ekstra tøff kamp om plassane i år. Berre dei fire første laga og dei beste femmarane i kvar avdeling bergar plassen. Resten rykkjer ned.

Fjøra ligg på femteplass etter ein sterk vår. For dei kunne resten av kampane fort ha vorte ein formalitet.

– No blir det ein haustsesong full av avgjerande kampar og sannsynlegvsis spaning heilt til slutt. Det er berre topp. Det er difor me held på med dette, seier trenar Håvard Hatle.

Trur Aalesund toppar laget

Fjørene møter Aalesund 2 borte på Color Line Stadion. Berre to poeng skiljer dei to laga, så i utgangspunktet ligg det an til ein jamn kamp. 

Men trenar Hatle trur ikkje at tabellen fortel alt om korleis styrkeforholdet blir på søndag.

– Eg trur det blir ein av dei tøffaste bortekampane i år. A-laget deira spelar på fredag, så eg er spent på kva som møter oss. Dei kjem nok til å prøva å bli topp fem sjølve. Men det er uansett berre elleve mot elleve, seier han.

Ambisjonen for hausten er uansett klar.

– Akkurat no er me på trygg grunn, så det er naturleg at vi har lyst til å halda oss der oppe. Det er å rekna som eit opprykk viss vi kjem blant topp fem, seier Hatle. 

Tøff motstand for Årdal

I avdeling tre spelar Årdal i morgon heime mot tabelltopp Flisa på Jotun stadion. Årdal ligg på åttande plass med sju poeng opp til trygg grunn. Dei må difor verkeleg sanke poeng om dei skal ha noko håp. 

 Me hadde ein grei vårsesong, men med ein liten bismak fordi me følte me fekk for liten uttelling. Så det får me prøva å retta opp att i haustsesongen, seier trenar Ivan Øy.

Då passar det kanskje ikkje heilt å møte det beste laget i divisjonen i første kampen etter ferien. 

– Det er like greitt å hoppa rett i det. Me kjem til å gjera mykje det same som me gjorde mot dei på bortebane, seier trenar Ivan Øy om kampen dei tapte 0-1 på overtid i andre serierunde.

– Det er det beste laget i avdelinga, så me må vera tolmodige og gjera det me er gode på, som er farten i angrepet og hurtige overgangar, seier han.

Til toppen