Lærdal: –
I Lærdal er dei i ferd med å gjera alvor av planane om eit motorhotell. Frå før tilbyr hotellet passasjerturar med dei italienske råskinna Lamborghini Diablo, Lamborghini Murcielago, Ferrari Testarossa og Ferrari 308 GTB.

Ei av rutene i nærområdet har han døypt Laerdalsörenring, eit namn med referanse til den verdskjende motorsportbana Nürburgring. I norsk utføring går ho langs offentlege vegar, men er minst like svingete. Turen startar på Lærdalsøyri, går via Årdal og Tindevegen til Turtagrø, nedatt til Skjolden, uttatt fjorden til Sogndal, og tilbake til Lærdal.
– Så har me afterdrive, seier Einemo, før han forklarer kva det går utpå:

Vel tilbake får kvar turdeltakar eit par glas med drikkevarer og litt nøtter, servert på ein planke forma som ein sportsbil. Hotellet har sjølvsagt ein eigen bilpub kalla Småsnurren, med bilete av klassiske doningar på veggane.
– Her kan folk halda fram praten om bilar eller køyreturen dei har hatt, seier Einemo.
Spesielt kunstverk prydar resepsjonen
Biltematikken stoppar langtifrå der. Hundre meter frå hotellet har han laga sitt eige vesle bilmuseum. I bakgården står det alltid ein Ferrari og ein Lamborghini parkerte.
Allereie ved inngangen blir du møtt av ein utstilt Ferrari-motor.
Han seier han like gjerne tek imot vanlege gjestar, men at det er dei bilgalne han spesielt gjer kur til.
– Det er eigentleg heile konseptet mitt, seier Einemo.
Draumen er å gjera Lærdal til ein attraksjon for motorentusiastar. Mottakinga har vore god det første halve året av drifta. Ikkje få bilklubbar har overnatta her allereie.

– Det er mange bilturistar frå heile Europa som har byrja å reisa på Vestlandet. Eg ønskjer at dette skal bli ein plass du må svinga innom, seier Einemo.
Idèane er mange, og Einemo er ikkje den som går av vegen for å eksperimentera. Enno er det for tidleg å dømma om sportsbilutleige er noko som vil slå an.