STARTAR OPPATTBYGGINGA: Innan få veker startar oppattbygginga av det nye skytehuset og klubbhuset i Lærdal. Jarle Offerdal fortel at dei inngjekk avtale med entreprenør før helga og at bygget skal stå klart i juli neste år. Foto: Privat.
STARTAR OPPATTBYGGINGA: Innan få veker startar oppattbygginga av det nye skytehuset og klubbhuset i Lærdal. Jarle Offerdal fortel at dei inngjekk avtale med entreprenør før helga og at bygget skal stå klart i juli neste år. Foto: Privat. (Foto: Ina Eirin Eliassen)

No startar oppattbygginga av skyte- og klubbhuset

Etter ein lang og tung prosess startar endeleg arbeidet med å få på plass eit skytehus og klubbhus i Lærdal. 

Lærdal: Skytehuset og klubbhuset vart teken av flammane under storbrannen i Lærdal i januar i fjor, og etter ein «lang og kronglete og delvis tornefull» veg startar oppattbygginga, mest truleg i neste veka.

Det kan leiar i sameiga, Jarle Offerdal, fortelja til Porten.no. Fredag inngjekk Lærdal idrettslag og Lærdal skytehus sameige avtale med Vestlandshus Sogn etter ein offentleg anbodskonkurranse.

– Me er veldig nøgde. Me har hatt to flinke karar i Finn Hauge og Rolf Jerving som har forhandla, og det har vore dei som har hatt vide fullmakter til å forhandla med forsikringsselskapa og entreprenørar i anbodskonkurransen, seier Offerdal.

Avklaring på fredag

Dei har måtta kjempa ein kamp for å få dette til, og sidan hausten i fjor har dei stått på for at dette skal gå i orden. Til jul løyste det seg, og då var tida knapp for dei totalt fire laga som eig huset å einast om korleis det skulle sjå ut innan frista for å søka spelemidlar gjekk ut 15. januar.

Les også: Slåst for klubbhuset

Artikkelen held fram under biletet.

MODERNE: Det nye skytehuset og klubbhuset blir litt større enn det førre og framstår som moderne og synleg. 
MODERNE: Det nye skytehuset og klubbhuset blir litt større enn det førre og framstår som moderne og synleg. 

– Kulturkontoret administrerte dette, og dei var veldig hjelpsame. Våren gjekk med til å skildra kva me skulle ha, og først i mai fekk me det ut. Bygget skulle vera litt større, me visste ikkje kor mykje forsikringsselskapet vil legga på bordet, så me måtte testa ut anbodsmarknaden. 

– Etter nokre rundar fekk me forsikringsselskapet til å strekka seg litt lenger, og først i august fekk me lås på det. Då var det å gå vidare med entreprenørar, og fredag fekk me ei avklaring på det. Det har vore ein langdryg prosess med mange store og tunge saker, legg Offerdal til. 

Les også: Jublar for nytt klubbhus

At prosessen har teke så lang tid har ført til at skytelaga har mista ein innesesong, og dette merkar dei på rekrutteringa, meiner Offerdal. For idrettslaget er det hemmande at ein ikkje har ei varmestove og eit hus ein kan bruka, legg han til.

– Me har hatt ein avtale med Aurland slik at me kan reisa dit ein gong i veka, men det er ikkje på langt nær like godt tilbod som å ha eige hus i nærmiljøet. 

Moderne

Det nye bygget blir om lag 120 kvadrameter større likt fordelt på dei to eigarane. Det har vore mykje fokus på det ytre slik at det blir meir synleg for omgjevnadene.

Les også: Nytt klubbhus tek form

– Bygget vil framstå som moderne og pent utanfrå. Innvendig blir det også moderne, og me har fått inn det me treng og ville ha. Og så blir det elektronisk adgangskontroll. Det er nok kanskje hovudforskjellen. 

– Me er veldig nøgde, konkluderer Offerdal. 

Byggestart er innan få veker, truleg neste veka, og bygget skal stå klart i juli neste år.

Til toppen