SØKER I ELV: Etter tre resultatlause dagar i leiteaksjonen etter den sakna 24 år gamle mannen i Øvre Årdal, har politiet starta å søke i elv. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
SØKER I ELV: Etter tre resultatlause dagar i leiteaksjonen etter den sakna 24 år gamle mannen i Øvre Årdal, har politiet starta å søke i elv. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

No startar politiet søket i elv

Heller ikkje søndag var det spor etter den sakna mannen i Øvre Årdal.

Måndag startar difor politiet opp med å søke i elva. 20 personar i tillegg til hundeførarar søker no langs og i elva frå Vettisfossen og nedover. Det fortel operasjonsleiar Espen Gulliksen til Porten.no.

Innsatsleiar og lensmann i Årdal, Magne Knudsen, opplyser at i tillegg til søk i elva har dei folk som er profesjonelle på søk i vanskeleg terreng og kjem til å nytte desse i eit vanskeleg område ved Vetti.

Søker i vatn

– Det har vore søkt før, men ein kan søke igjen i og med at det er ekstremt terreng. I tillegg har me båt på vatnet som leitar etter gjenstandar som kan ha kome ned. me har også fått løyve til å søke med drone i dag òg, seier Knudsen til Porten.no.

LES OGSÅ: Politiet ber folk sjekke eigedommane sine

Søket vert konsentrert rundt Vetti og områda der fordi det har blitt gjort observasjonar som kan vere den sakna 24 år gamle asylsøkaren ved Årdal Mottakssenter.

Dersom også dagens søk er resultatlaust, vil leitemannskapa sette seg ned i møte i morgon for å avgjere kva dei skal gjere vidare.

– Sjekk eigedommane dykkar

Knudsen understrekar kor viktig det er at folk i Øvre Årdal sjekkar eigedommane sine skikkeleg i tilfelle det kan vera spor etter den sakna mannen der.

Då nyhenden kom om at mannen frå Eritrea var sakna fredag, blei det sagt at 24-åringen hadde lagt at både mobiltelefon og lommebok, men seinare har det blitt opplyst at berre mobiltelefonen låg att. Den er no sendt inn for nærare gransking.

– I og med at lommeboka låg at, kan det tenkast at han har sett seg på ein buss og reist frå Årdal?

– Me kan ikkje utelukka det. Me veit jo ikkje, men uavhengig av det gjer me den jobben i dei områda me har fått meldingar. Me utelukker ingenting, seier Knudsen.

Dette har skjedd

SAKNA: 24-åringen frå Eritrea er mellom 170 og 180 centimeter høg, og har på seg kvit jakke, grå jeans, grå hettegensar og svarte sko.
SAKNA: 24-åringen frå Eritrea er mellom 170 og 180 centimeter høg, og har på seg kvit jakke, grå jeans, grå hettegensar og svarte sko.

Ein 24 år gamal asylsøkar frå Eritrea er meldt sakna i Øvre Årdal. Torsdag 12.00 blei mannen observert då han kom med buss frå Årdalstangen. 

LES OGSÅ: Konsentrerer søket rundt elva

Politiet fekk først melding om at mannen var sakna fredag klokka 12.00, eit døgn etter. Seinare er det gjort observasjonar ved Naturhuset i Skåri og framme i Vetti i Utladalen som kan passa skildringa av mannen. 

Politiet har difor konsentrert leitinga si i Utladalen og i turområde som 24-åringen nytta. Sivilforsvaret, Røde Kors, Norsk Folkehjelp, representantar frå kommunen, Norske Redningshundar og politiet, til saman rundt 40 personar, er i sving for å leita etter eritrearen. Også eit Seaking-helikopter har blitt nytta både i leitinga og til å frakte mannskap ut i områda dei leitar.

Søndag vart fokuset retta mot elv og vatn, men då leitte dei berre langs elva. Måndag starta leitemannskapet søk i elva.

Førebels står politiet utan fleire spor, men har bedt publikum om å halde augo opne. Dei ber også bebuarar i Øvre Årdal om å sjekke eigedommane sine etter moglege spor.

24-åringen er mellom 170 og 180 centimeter høg, og har på seg kvit jakke, grå jeans, grå hettegensar og svarte sko.

Til toppen