SPISSAR ARBEIDET: Dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling fortel at dei no kjem til å spisse omstillingsarbeidet i kommunen til å dreie seg om spesifikke ting. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SPISSAR ARBEIDET: Dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling fortel at dei no kjem til å spisse omstillingsarbeidet i kommunen til å dreie seg om spesifikke ting. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

No startar spissinga av omstillingsarbeidet

Lærdal er no halvvegs i omstillingsarbeidet. No skal satsinga spissast.

Lærdal: Rundt 13 millionar kroner er brukt på omstillingsarbeid i Lærdal så langt. Halvvegs ut i arbeidet startar spissinga mot enkelte ting. 

– Det er ei naturleg utvikling i alle omstillingsområde at ein først sjekkar ut fleire moglegheiter og går breitt ut. Me ser at noko har gitt effekt og noko mindre effekt. No er me trygge på å bruka meir ressursar på enkelte ting som me vurderer til å ha eit stort potensiale, seier dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling Arve Tokvam.

Til no har arbeidet dreia seg rundt busetnad, besøk og bedrifter med mange ulike prosjekt og forstudium innanfor dei enkelte retningane. Hovudfokuset har heile tida vore vekst i Lærdal.

Tydeleg satsing

Med ei spissing vil enkelte ting få ekstra merksemd. Dette inneberer satsing på det tradisjonelle næringslivet som er i Lærdal, å vere med på det grøne skiftet, skaffe statlege arbeidsplassar og utnytte potensialet på Håbakken.

I tillegg kjem tettstadutvikling på Lærdalsøyri, satsing på Lærdal Grønt og befolkingsvekst. Tokvam legg ikkje skjul på at spesielt Håbakken blir eit satsingsområdet.

– Me har valt å vera tydelege på det no slik at me får kanalisert energi og ressursbruk inn mot det. Me skal jobba heilhjarta med Håbakken med ein eigen ressurs og støtta opp under prosjekt som kjem her, fortel han, men understrekar at alt det andre ikkje vert gløymt.

– Me visste frå byrjinga av arbeidet at potensiale var stort her og har jobba med det heile tida, men no får det meir trykk. 

Utfyllande næringsområde

Tokvam er klar på at det ein utviklar av næringsliv på Håbakken ikkje må konkurrere ut aktiviteten i Lærdalsøyri, men snarare sørge for at dei utfyller kvarandre.

– Ein kan jo ikkje styra altfor mykje. Er det aktørar som vil etablere seg, kan ein ikkje styra dei, men det går an å tenkja på at det som skjer her oppe ikkje skal øydeleggja for Lærdalsøyri. Me må prøve å skape ulike profilar på dei to stadene som kan spele på lag.

Forsvarar pengebruken

Til no er det brukt rundt 13 millionar kroner i dette arbeidet sidan Lærdal fekk omstillingsstatus. Nokre av prosjekta har ført fram, medan andre ikkje har gitt ønskt effekt. Næringssjefen forsvarar pengebruken. 

– I ein startfase går ein breitt ut og lagar forstudium og sjekkar. Målet er å avdekke om det er potensiale. Ein del av midlane ein brukar vil då ikkje gi nokon effekt fordi ideen ikkje er god, men eg vil ikkje kalla det å sløsa med pengane. Du sjekkar ut moglegheita, og ser du ikkje noko å gå vidare på, legg ein ballen daud. 

Omstillingsarbeidet får om lag tre millionar kroner frå fylkeskommunen, medan Lærdal kommune spyttar inn ein eigenandel på éin million. 

– Det er klart ein får spørsmål om pengebruken, men me har valt å bruka pengane på ulike ting, og så har me no tenkt å spissa og jobba annleis, seier han.

Retningslinjer

Han legg også til at det er klare retningslinjer for kva pengane kan brukast til.

– Omstillingsmidlar skal vere med i idéfasen og utløyse gode idear, men ein kan ikkje bruka pengane på investeringar. I den fasen det er mykje usikkerheit, skal omstillingsmidlane stimulere slik at aktørane ikkje må ta all risiko sjølv, forklarar han. 

Til toppen