STARTAR OPP: 20.00 måndag kveld startar entreprenøren opp arbeidet med Bermålstunnelen, noko som vil bety stenging i fleire timar om gangen. Foto: Statens vegvesen.
STARTAR OPP: 20.00 måndag kveld startar entreprenøren opp arbeidet med Bermålstunnelen, noko som vil bety stenging i fleire timar om gangen. Foto: Statens vegvesen.

No startar stengingane her

Måndag kveld startar entreprenøren med oppgraderinga av Bermålstunnelen.

Årdal/Lærdal: Klokka 20.00 måndag kveld startar arbeidet med å oppgradere Bermålstunnelen på fylkesveg 53 mellom Årdal og Fodnes. 

I ei lang stund har tunnelen vore mørklagd på grunn av feil på det elektriske anlegget, og no skal tunnelen rustast opp skikkeleg.

Mellom anna vil dette innebere stenging av vegen i opptil tre timar. Vegen vert opna for passering 21.25, 23.00, 02.30 og 05.30, og arbeidet kjem til å føregå fram til 06.00 neste dag. 

Alt arbeid vil skje på nattestid, og i helgane er det fri passasje. 

Til toppen