Kaupanger: Laurdag spela Kaupanger mot Bergen Nord/Hovding på Salhus kunstgras. Kaupanger sigra med 4 mål og med dette er dei førebels på førsteplass i 2.divisjon.
Kaupanger har 35 poeng, men Hinna og Sandviken 2 ligg berre 2 poeng bak. Laga som jaktar Kaupanger har spela ein kamp mindre, så dette kan bli tett.
Bergen Nord/Hovding - Kaupanger: 0-4
Tea Berteig scora det første målet for Kaupanger. Det andre målet sette Miriam Vilnes Mjåseth.
Dei to siste scoringane kom frå Silje Torvanger.