Vibeke Johnsen, 1. kandidat for Sosialistisk Venstreparti.
Vibeke Johnsen, 1. kandidat for Sosialistisk Venstreparti. (Bilde: SV)

MEININGAR: Stortingsvalet 2017

No trengst ho Vibeke på Tinget!

Fleire gonger har me sett i det siste at Vibeke Johnsen har sjanse til å få eit utjamningsmandat. Det må me hjelpa til med. Me treng ei som:

– er vaksen og vettig, med lang erfaring frå arbeidslivet. Her får du ikkje velsmurde broiler-utsegner på automatisk tungesamleband.

– som er det motsette av Sylvi Listhaug: sakleg, grundig, let seg ikkje freista av evangeliet etter Donald Trump («Sei kva du vil, same kor usakleg det er, det kan gje røyster ved valet!».)

– som står for miljømedvit og likestilling. SV sikra i si tid barnehageløftet, Vibeke er ein garantist for at barnehagane våre får god kvalitet og bemanning. SV vil ha fisk, ikkje olje i Lofoten, og fisk og turistar, ikkje gruveslam i Førdefjorden.

– som står i fremste rekkje for våre nye landsmenn og som, både politisk og praktisk, er med og gjer livet og integreringa lettare for mange innvandrarar.

Vibeke veit at store eller små einingar ikkje handlar om storleik, men om kva den vanlege mann og kvinne får ut av eininga. Me er trøytte av å høyra slagorda om kor vellukka politireforma er, når me dagleg får høyra om det motsette. Og Sogn og Fjordane må vera Sogn og Fjordane, ikkje Vestlandet, så lenge ingen veit kva nytt innhald som kjem til ein slik region. Og me i SV trur ikkje på lovorda frå Frp om at talet på store gardar i landbruket kjem betre ut enn før, for me veit at den landbrukspolitikken me treng i Sogn og Fjordane, er å utvikla alle typar bruk, der nettopp dei små og mellomstore bruka er noko av livsnerven for bygdene våre.

Som SV-ar gjennom 42 år meiner eg at det aldri før har vore så nødvendig å få kloke folk på Tinget som no. Me treng politikarar med eit gjennomtenkt syn på kva dei ønskjer for samfunnet vårt og korleis dei vil prøva å få det til. Eg meiner Vibeke bør vera ei av dei.

Jan Olav Fretland

Til toppen