KALDT: Etter ein relativt fin haust vert det no kaldare i vêret, og det betyr at langrennsløypene ikkje er langt unna. Her er frå opninga 13. november i fjor. Foto: Magne Grihamar (Arkiv). 
KALDT: Etter ein relativt fin haust vert det no kaldare i vêret, og det betyr at langrennsløypene ikkje er langt unna. Her er frå opninga 13. november i fjor. Foto: Magne Grihamar (Arkiv). 

No vert det kaldare

Det jublar dei for på Filefjell, der dei håpar dei snart kan ha på plass dei første langrennsspora.

Filefjell: Hausten har så langt vore strålande i Indre Sogn, men no gjer du lurt i å finne fram ullundertøy og lue. Kanskje du også kan pusse støvet av skistøvlene også?

Det håpar iallfall Magne Grihamar Tyin/Filefjell Utvikling på. Snøen har kome litt sporadisk så langt, og det har ikkje kome nok til å lage skikkeleg løyper, men maskina står klar.

– Me startar mest truleg snøkanonene i kveld, men det er vanskeleg å seie heilt eksakt når skisenteret opnar. Det tar gjerne ei veke eller to før me kan seie noko sikkert, seier han. 

Artikkelen held fram under biletet.

VENTAR PÅ SNØ: Slik ser det ut ved alpinanlegget på Tyin/Filefjell onsdag morgon. Mest truleg startar dei opp snøkanonene i kveld. 
VENTAR PÅ SNØ: Slik ser det ut ved alpinanlegget på Tyin/Filefjell onsdag morgon. Mest truleg startar dei opp snøkanonene i kveld. 

I fjor opna dei alpinanlegget nokre veker ut i november og var blant dei som var først ute i Noreg. Offisielt har dei sagt 26. november for årets vinter. 

– Men me opnar så fort som mogleg dersom det let seg gjere. 

Fint, men kaldt i Sogn

No får dei iallfall god hjelp frå naturen si side. Kjøligare temperaturar er venta over heile Sogn, og på fjellet kan det kome snø.

VINTERDEKK: Skal du over fjellet, må du ha på vinterdekk. Det er venta snøføre og glatte forhold.
VINTERDEKK: Skal du over fjellet, må du ha på vinterdekk. Det er venta snøføre og glatte forhold.

– Det er venta nokre byger i morgon, men dei held seg i Nordfjord og ytre strok, så det ser ut til at de slepp unna. Også fredag er det venta stort sett opphaldsvêr, men i fjellområda mot aust kan det bli lett snø, fortel Halldis Berge ved Meteorologisk institutt til Porten.no. 

Det betyr at dersom du skal over fjellet i helga, så må du ha på vinterdekk. Førebels ser det ikkje ut til at det skal bli ekstreme forhold anna enn at det er glatt. 

– Det er kjølig, og det vil vere nattefrost, og difor kan det frysa på vegane. Det er også moglegheit for lokal tåke, som kan gi fuktigheit som vil fryse. 

Jublar for minusgrader

Det er nyheiter skientusiastar på Filefjell jublar for. Langrennsspora er avhengig av natursnø.

– Ja, her jublar me for minusgrader. Det er klart når det er snø og vinter me lever av, seier Grihamar og fortel at maskina for å preppe langrennsspora står klar. 

Til toppen