VEDLIKEHALD: Dei neste fire vekene vert Ofredalstunnelen stengt i lengre periodar på grunn av vedlikehaldsarbeid. Foto: Kaja Nygård.
VEDLIKEHALD: Dei neste fire vekene vert Ofredalstunnelen stengt i lengre periodar på grunn av vedlikehaldsarbeid. Foto: Kaja Nygård.

No vert det stenging i denne tunnelen dei neste fire vekene

Ofredalstunnelen skal renskast og sikrast. Det betyr at det blir stengingar framover.

Seimsdalen: Frå og med måndag 13. mars vert Ofredalstunnelen stengt i lengre periodar på grunn av vedlikehaldsarbeid.

Tunnelen skal reinskast og sikrast, og det gjer at tunnelen vert stengt i intervallar på to timar frå 08.00 om morgonen til 20.00 om kvelden.

Dette er tidene som gjeld på vekedagar. Laurdagar pågår arbeidet fram til 14.00, medan arbeidet tek pause på søndagar. 

Det betyr at tunnelen opnar klokka 10.00, 12.00, 14.00, 16.00 og 18.00 på vekedagar og 10.00 og 12.00 på laurdagar.

Arbeidet skal pågå fram til 7. april. 

Til toppen