NYE TIDER: Frå måndag av vert det nye kolonnetider i Bermålstunnelen. Desse gjeld fram til jul. Då er det stopp i arbeidet før det held fram på nyåret med dei same tidene. Foto: Statens vegvesen. 
NYE TIDER: Frå måndag av vert det nye kolonnetider i Bermålstunnelen. Desse gjeld fram til jul. Då er det stopp i arbeidet før det held fram på nyåret med dei same tidene. Foto: Statens vegvesen. 

No vert stengingane her tilpassa ferjetidene​

Dei siste månadane med arbeid i Bermålstunnelen skal pågå på ettermiddagstid og kveld. 

Årdal: Sidan arbeidet i taket stort sett er ferdig, er det ikkje lenger behov for dei lengre stengingane på nattestid. 

Heilt sidan januar har tunnelen vore stengt i lengre periodar mellom 20.00 og 06.00, altså på nattestid, men no skal arbeidet i staden starte 16.00 og pågå fram til midnatt.

– Det betyr at me køyrer kolonner oftare enn før. Me er stort sett ferdig med taket, så no gjenstår berre kopling i tavlene og henge opp evakueringslys på sidene og montere opp naudstasjonar, seier prosjektleiar Sveinung Hovland. 

Framleis 50-sone

Kolonnetidene vil vere tilpassa ferjetidene, så ein kan måtte rekne med venting på mellom 40 minutt og éin time på det meste.

– Elles vil farten framleis vere 50 kilometer i timen. Dette er fordi tryggleiksutrustninga ikkje er oppe og går, påpeikar han. 

Han opplyser også om at naudstasjonane ikkje vert tilkopla, så dersom ei ulykke skjer, ville det henge lapp med nummer ein skal ringe inni desse. Stasjonane vert først kopla opp når alle er montert.

Dei nye tidene gjeld frå måndag 12. desember og fram til vesle julaftan. I jula er det stopp i arbeidet og fri ferdsle fram til 2. januar. Då skal arbeidet pågå fram til mars.

Til toppen