Årdal: – No vert vegen mellom Øye og Fagernes kjempebra. Dei har lova åtte og ein halv meter breidde heile vegen, seier Harry Negaard.
Årdølen er ein av tre bussjåførar som køyrer Valdresekspressen fast på strekket mellom Årdal og Fagernes. Han køyrer ruta fire-fem gonger kvar veke.
– Dei planlagde vegutvidingane trengst verkeleg. Det er mange plassar på dette stykket me ikkje kan møta ein trailer. Gjennom heile Valdres er det mange plassar der me ikkje kan passera kvarandre.
Som døme på punkt på vegen som difor er særleg vanskelege for store køyretøy, trekk han fram Hemsingbru ved gamle Vang ysteri, og området ved Hande gard.
Det vert mindre krevjande å køyra langsetter dei tre sjøane
Det var i førre veka vegdirektoratet la fram det nye handlingsprogrammet for dei neste seks åra. Dette fortel nettsida Lastebil.no.

Der går det fram at E16 gjennom Valdres vert rusta opp, og då i hovudsak vegstykket mellom Øye og Fagernes.
Det vert slutt på alle dei smale vegpartia langs dei tre innsjøane Vangsmjøse, Slidrefjorden og Strondafjorden.
Dette stykket av E16 mellom Filefjell og Fagernes har vore kjent for ulukker og fastkøyrde vogntog om vinteren.
Lastebil.no fortel at det i vinter var so hakkande gale på E16 på det verste, at det på halvanna døger ein gong var snakk om heile 65 bilar som skleid utfor vegen. Og det på eit strekke som ikkje ein gong er sju mil langt.
Brøytebilane lagar stundom ufriviljuge feller i vegkantane
Visse smale plassar har brøytebilane stundom kjørt so langt ut i vegkanten når dei møter ein annan stor bil at dei har snaubrøytt litt av grøfta.
– Kjem du utanfor kanten og dett nedi der med vranghjulet, so vert du verande utanfor. Du kjem deg ikkje opp att, fortel Valdresekspress-sjåfør Negaard.
Negaard har heldigvis til gode å hamna i desse fellene som kan lura i vegkantane vintertid.
– Eg er lommekjent på den ruta, so eg veit kva eg skal gjera. Det har heldigvis gått bra med oss i Nettbuss.
Stundom er det derimot tungtransportsjåførar på vegen som ikkje kjenner han so godt. Når vegen over Hemsedal vert stengd, til dømes, kjem lastebilane over Valdres i staden. Då er det fort gjort å køyra seg fast for ein sjåfør som ikkje er vand med denne fjellovergangen. Det har lett for å skje om ein møter ein annan lastebil på eit smalt vegstykke med snaubrøytt grøft.
– Valdresekspressen har ofte stått fast i kø bak vogntog som sperrar vegen. So har me fått veldig knapt med tid vidare på ruta mot Oslo, seier Negaard.
Har mykje å seia for Valdresekspressen
I tillegg til at vegen skal gjerast breiare, vil det òg verta gjort tiltak langs vegbanen som skal bidra til å hindra lastebilar i å køyra utfor vegen.